Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Samansette fortidspraksisar på museum

Årstein Svihus disputerer 10.12.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Fortidshandtering på museum".

Hovedinnhold

Avhandlinga drøftar korleis musea framstiller og bruker fortida, korleis det endrar seg over tid og kvifor. Ved å analysere den institusjonelle historia frå etableringa og fram til om lag 2019 har Svihus undersøkt ulike måtar musea skapar samanheng mellom fortid, nåtid og framtid på. Avhandlinga byggjer på eit større empirisk materiale frå musea Glomdalsmuseet, Norsk Skogmuseum og Norsk Oljemuseum. Sentrale spørsmål har vore kor vidt praksisen knytt til fortid kan forklarast ut frå institusjonelle særpreg ved musea, betydninga av fagdisiplinære og vitskaplege tilknytingar og relasjonar til og forventningar frå samfunnet.

Avhandlinga har sitt teoretiske utgangspunkt i historiebruksfeltet, som Svihus både drøftar kritisk og hentar inspirasjon frå. Han har difor valt å nærme seg musea gjennom omgrepskonstruksjonen «fortidshandtering», som, slik Svihus forklarar det, femnar om ei rekke ulike måtar å handtere fortida på og som kan inngå i fleire måtar å skape samanheng i tid på, med ulik vektlegging av fortid, samtid og framtid.

Svihus løftar mellom anna fram korleis fortidshandteringa har blitt prega av skiftande vektlegging av samlingane, forståinga av det museumsfaglege og forholdet til mange slags ytre forventningar. Samlingane har særleg vore noko ein har måtta forholda seg til og handtere praktisk, samstundes som dei på ulike måtar har blitt brukt som utgangspunkt for eller grunngjeving for musea sin eigen kunnskapsproduksjon. Svihus viser vidare at musea på fleire områder har vore meir opne mot samfunnet i kring enn andre institusjonstypar, men at ulike måtar å invitere inn grupper som aktørar på eller for museet, frå 1990-talet er mellom dei forholda som kan seiast å ha auka kompleksiteten i fortidshandteringa på musea. Dette til trass for – og dels på grunn av – ein museumspolitikk som har søkt å skape museum som fagleg er tiltenkt å ha ei sams utvikling innan forvalting, forsking og formidling.

Personalia

Årstein Svihus (f. 1971) har hovudfag i historie frå Universitet i Bergen (2000). Doktorgradsarbeidet har blitt utført ved institutt for arkeologi, historie, kulturvitenskap og religion (AHKR). Prosjektet har vore finansiert av NFR og Museum Vest under ordninga «offentleg sektor phd.» med UiB som gradsgivande institusjon. Rettleiarane har vore Teemu Sakari Ryymin og Hans Jakob Ågotnes. Svihus er tilsett som forskar og fagleder for forsking i Museum Vest.