Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Cellulær respons hjå torsk eksponert for miljøgiftblandingar

Karina Dale disputerer 14.1.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Mixture effects of environmental contaminants in Atlantic cod (Gadus morhua)".

Hovedinnhold

Menneskeskapt forureining er eit stort, globalt problem, og marine økosystem er spesielt sårbare for opphoping av miljøgifter. Organismar i det marine miljøet vert sjeldan eksponert for kjemikaliar enkeltvis, men heller for komplekse blandingar med ukjende og potensielt skadelege effektar. Risikovurdering av miljøgifter skjer enkeltvis, noko som er uheldig då samverkande effekter mellom miljøgifter kan endre deira biologiske påverknad. Studier av biologiske responsar etter eksponering for miljøgiftblandingar er difor essensielt for å auke kunnskapen kring negative effektar knytt til miljøgifter.

I denne avhandlinga har Atlanterhavstorsk (Gadus morhua) vore nytta som modellorganisme for å studere cellulære responsar etter eksponering for blandingar av viktige miljøgifter, inkludert aktuelle perfluorerte sambindingar (PFAS). Torsken er ein viktig art for norsk økonomi, og sidan den er plassert høgt i næringskjeda er den spesielt utsett for opphoping av miljøgifter. Både levande fisk og presisjonskutta leverskiver frå torsk har vorte nytta i ulike eksponeringsforsøk for å studere blandingseffektar av miljøgifter. Eit av spørsmåla som vert diskutert i avhandlinga er om markørar som indikerer eksponering for enkeltvise miljøgifter også eignar seg for å indikere blandingseksponering. Ein viktig del av avhandlinga har også vore å vurdere ulike metodar for å studere blandingseffektar av miljøgifter på, og korleis forskjellane mellom desse metodane kan påverke det endelege resultatet.

Funna i avhandlinga indikerer mellom anna at ulike biologiske responsar i torsk, inkludert feittstoffskiftet, vert påverka av eksponering for miljørelevante blandingar av PFAS. I tillegg er det vist at somme biologiske markørar passar dårlegare til å indikere effekter av miljøgiftblandingar samanlikna med eksponering for enkeltstoff. Funna i avhandlinga viser også at torsk er ein veleigna modellorganisme som kan nyttast i ulike eksperimentelle metodar.

Personalia

Karina Dale (f.1991) har ei mastergrad i molekylærbiologi frå Universitet i Bergen (UiB). Sidan 2016 har ho vore tilsett som stipendiat hjå miljøtoksikologigruppa ved Institutt for biovitenskap ved UiB. Doktorgraden er finansiert av UiB og Norges Forskingsråd gjennom initiativet «Senter for Digitalt Liv Norge» som del av dCod 1.0-prosjektet. Rettleiarar har vore professor Anders Goksøyr, fyrsteamanuensis Odd André Karlsen, postdoktor Marta Eide (alle frå UiB), samt professor Ketil Hylland (UiO).