Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kva styrer mikroorganismar sine liv i djuphavsediment?

Tor Einar Møller disputerer 11.3.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Quantifying associations between microbial and geochemical processes in sediment systems".

Hovedinnhold

Marine sediment på havbotnen er eit av verdas største økosystem for mikroorganismar. Nokre av desse organismane er utruleg hardføre, og me kan finne levande individ fleire millionar år etter dei vart nedgravne. Desse ekstreme organismane kan gje oss kunnskap som kan vere nyttig i til dømes medisinsk forsking eller for å betre forstå vilkåra for liv på Jorda og andre planetar. Talet på, og samansetjinga av, ulike artar mikroorganismar heng hovudsakleg saman med energitilgang, men òg tilhøva då mikroorganismane vart avsette.

I avhandlinga si har Tor Einar Møller studert og samanlikna paleoklimatiske, geokjemiske og biologiske faktorar sin påverknad på mikroorganismane som lev i sedimenta langs den arktiske midthavsryggen mellom Jan Mayen og Svalbard samt i ein innsjø på Grønland. Ved å nytta moderne statistiske metodar har han kartlagt samanhengen mellom mikroorganismane og ulike eigenskapar ved sedimenta på nye måtar. Mellom anna synar han at det noverande mikrobielle samfunnet i arktiske djuphavs- og innsjøsediment framleis ber i seg eit «signal» frå klimaendringar meir enn 40 000 år attende i tid.

Grunna ekstrem næringsmangel i djuphavsediment er livet der sett på sparebluss. Difor er det svært krevjande å stadfesta om mikroorganismane veks, og å talfeste eventuelle vekstratar. I avhandlinga syner Møller at jamvel dei aller raskaste mikrobane treng meir enn 30 år på å verte dobbelt så mange, men at dei fleste er tregare: ei doblingstid på meir enn 100 år er ikkje uvanleg. Til samanlikning er doblingstida for E. coli i tarmen på om lag 20 minutt. Resultata kan nyttast til å modellera biogeokjemiske prosessar i marine sediment meir presist. I ei tid der menneskeleg aktivitet pregar havbotnen i stadig større grad, er gode estimat på omfanget av desse prosessane er viktige for å forstå kva påverknad desse mikrobane har på globale krinslaup, til dømes av nitrogen, svovel og karbon.

Personalia

Tor Einar Møller (f.1991) vaks opp i Bamble sør i Telemark. Våren 2017 fullførde han lektorutdanninga i realfag ved Noregs Miljø- og Biovitskaplege Universitet (NMBU) med fysikk, matematikk og biologi som undervisingsfag. Han byrja som stipendiat ved UiB hausten 2017 og arbeidde ved Senter for Dyphavsforskning, Institutt for Geovitenskap. Hovudrettleiar har vore fyrsteamanuensis Steffen L. Jørgensen, medrettleiar førsteamanuensis Bjarte Hannisdal, båe ved Institutt for Geovitenskap.