Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Utforskar grenseoverskriding i spel og spelkultur

Kristian A. Bjørkelo disputerer 8.4.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Playing With Boundaries".

Hovedinnhold

Spel og spelkultur kan vere prega av leik med ubehag og grensedragninger; det er lite som tyder på at spel berre handlar om “gøy”. I doktorgradsavhandlinga har Kristian A. Bjørkelo utforska ubehaget i spel og spelkulturen, og korleis dette er meiningsskapande for deltakarane.

Bjørkelo har funne at kjensler av ubehag knytta til spel kan skape ei oppleving av autensitet eller realisme, eller transgressiv realisme. Han legg til grunn eksisterande forsking på korleis det finnes ei erfaringsutveksling mellom spelet og røynda, der eigne erfaringer utanfor spelet påverker korleis vi opplev spelet, og motsett. Ubehaglege, eller transgressive, spelopplevingar vert slik eit utgangspunkt for vidare diskusjon og tenkjing om verkelege problem og utfordringer

Arbeidet utforsker vidare korleis grenseoverskridande atferd og leik i spel, som trakassering online, fungerer til å etablere sosiale grenser og viser til korleis denne type atferd ikkje berre har røtter i spel og internettkulturen generelt, men har historiske røtter attende til vikingtida.

Avhandlinga femner om ulike former for grenseoverskriding og ubehag i spel og spelkulturen, og Bjørkelo har mellom anna òg utforska korleis nynazistar utnyttar eit spels tolkingsfridom til å tolke i tråd med eiga verdsbilete. Dette arbeider skifter fokus frå å tolke korleis rase vert framstilt i spel, til korleis rase vert tolka av spelarane på eit vis som er grenseoverskridande.

Personalia

Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) har sitt hovudfag i folkloristikk frå Universitetet i Bergen, og er i det daglege ansvarleg for emnet Praktisk informasjonsarbeid ved HF. Han har tidlegare gjeven ut bøker om blogging og ekstremisme, og har vore aktiv samfunnsdebattant i fleire år. Han har òg vore aktiv i spelkulturen, både som spelar og forfattar. Rettleiar for avhandlinga har vore professor Kristine Jørgensen (UiB), og birettleiar professor Faltin Karlsen (Høyskolen i Kristiania)