Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kirurgisk behandling av handleddsbrot, kva metode er best?

Trine Ludvigsen disputerer 19.8.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Outcomes after treatment of distal radius fractures with a volar locking plate or an external fixator".

Hovedinnhold

Kvart år pådrar over 15000 nordmenn seg brot i handleddet som såleis er den vanlegaste brotskaden i Noreg. Ein reknar med at 20% av dei vil trenge kirurgisk behandling. Hausten 2013 vart det starta ein randomisert multisenterstudie der ein ville samanlikne to ulike vel etablerte operasjonsmetodar på denne pasientgruppa mellom 18 og 70 år.

Den operative behandlinga av handleddsbrot har gått gjennom store endringar. Dei to mest brukte operasjonsmetodane før studiestart var anten ekstern fiksasjon (stativ på utsida av underarmen) eller volar låseplate (plate operert inn i underarmen). Kirurgisk behandling med volar plate hadde fått aukande popularitet dei siste åra, men dette var i liten grad evidensbasert. Studien, som har vore eit samarbeidsprosjekt mellom ortopedisk avdeling Voss sjukehus og Haukeland Universitetssjukehus, hadde som mål å avklare kva for ein av desse to behandlingsalternativa som ga best resultat. I studien vart det registrert smerte, funksjon, rørsle og røntgenfunn 6 veker, 3 mnd, og 1 år etter operasjon. Komplikasjonar og tal reoperasjonar vart også registrert. Pasientar operert med volar plate viste seg å komme seg raskare enn dei operert med ekstern fiksasjon, men etter 1 år fann me ingen skilnad i funksjonelt resultat. Grad av vinkelfeilstilling etter operasjonen hadde mindre betydning enn venta. Våre data vart også kobla saman med data frå ein tilsvarande studie utført ved Akershus Universitetssykehus. Føremålet var å undersøkje den mest alvorlege komplikasjonen etter handleddsbrot, komplekst regionalt smertessyndrom (CRPS), ein kronisk smertestilstand prega av uttalte smerte og redusert funksjon. Me fann at pasientar operert med ekstern fiksasjon hadde auka risiko for å utvikle CRPS samanlikna med dei operert med volar plate. Denne avhandlinga støttar bruk av volar plate som kirurgisk metode for raskare å oppnå god funksjon og redusere risikoen for alvorlege komplikasjonar.

Personalia

Personalia Trine Ludvigsen (f. 1969) er utdanna lege ved Universitetet i Bergen i 2000. Ho blei spesialist i ortopedisk kirurgi i 2013 og jobbar som overlege ved Voss sjukehus. Hovudrettleiar er professor Jonas Meling Fevang, medrettleiar er førsteamanuensis Kjell Matre. Avhandlinga utgår frå Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen.