Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Blåblokkeringsbriller kan beskytte melatoninnivå hos gravide

Randi Liset disputerer 26.8.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Light exposure and stress in pregnancy: Effects of blue-blocking glasses on sleep, mood and melatonin".

Hovedinnhold

Søvn- og døgnrytmeforstyrrelsar er vanleg i svangerskapet, med auka førekomst i tredje trimester (siste del av svangerskapet). Insomni er den vanlegaste søvnsjukdomen og kan ramme over 60% av gravide kvinner og har vist å ha ein samanheng med uheldige helseutfall for både mor og barn. Ein faktor som påverkar både døgnrytme og søvn er lys på kveld og natt. Spesielt kan det blå lyset med korte bølgelengder gjere ein meir våken og hemme produksjonen av døgnrytmehormonet melatonin. Tidlegare studiar har vist at blokkering av det kunstige blå lyset på kvelden og natta betra søvnkvaliteten og opprettheldt den naturlege melatonin produksjonen, men dette har ikkje vore undersøkt hos gravide kvinner.

Formålet med prosjektet var å undersøkje søvnmønsteret hos gravide kvinner, samanlikna med ikkje gravide kvinner, og vidare om eit ikkje-medikamentelt hjelpemiddel hadde positiv innverknad på søvnen og melatoninprofilen hos gravide kvinner. Søvn blei målt med aktivitetsmålar, søvndagbok og spørjeskjema, og melatonin med spyttprøvar. Friske gravide kvinner blei utstyrt med briller som blokkerte heilt eller delvis for blått lys. Aktivitetsmålar viste at gravide var eksponert for meir lys på kvelden og sov lenger enn ikkje gravide, vidare var mengde lyseksponering på kvelden assosiert med kortare søvnlengde hos gravide kvinner. Førekomsten av insomni var 38% ved studiestart og dermed lågare enn i tidlegare studiar av gravide kvinner på same tid i svangerskapet. Blokkering av blått lys om kvelden viste ein tidlegare oppstart av melatoninproduksjonen med 43 minutt for heilt- og 11 minutt ved delvis blåblokkerande briller, samt auke av melatonin nivået på enkelte tidspunkt. Søvnen var lik i begge brillebetingelsane. Prosjektet viser at kveldslys forhindra den naturlege utskillelsen av melatonin, og at blålysblokkerande briller hadde ein klar beskyttande effekt på døgnrytmehormonet melatonin hos gravide kvinner i tredje trimester.

Personalia

Randi Liset er utdanna jordmor (1995-1997) ved Høgskolen i Bergen, og arbeider no ved Master for jordmorfag ved Høgskulen på Vestlandet, Bergen. Doktorgraden er finansiert og gjennomført ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Hovudveiledar er professor Ståle Pallesen. Biveiledarar er professor Janne Grønli, førsteamanuensis Roger Ekeberg Henriksen og psykiater dr. med. Tone Elise Gjøtterud Henriksen.