Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Nyttig matematikk i skulen?

Ingeborg Katrin Lid Berget disputerer 26.4.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Mathematical modelling in upper secondary school".

Hovedinnhold

Matematisk modellering er i læreplanen LK20 eitt av kjerneelementa i matematikkfaget på alle trinn. Grunngjevinga for å inkludere matematisk modellering i skulen er mellom anna at elevane skal meistre kvardagen betre ved å lære å nytte matematikk, og sjå nytta av å kunne matematikk. Då er det viktig at elevane sjølve får ta avgjersler i arbeid med matematisk modellering i undervisinga, og at dei blir presenterte for kvardagssituasjonar der dei sjølve må forenkle problemet og bestemme kva føresetnadar dei vil legge til grunn. I denne avhandlinga er det undersøkt kva moglegheiter elevar har i arbeid med matematisk modellering i praktisk matematikk 2P i vidaregåande skule, og korleis matematisk modellering blir kommunisert i forskingslitteratur, i læreplanen, i lærebokoppgåver, i lærarintervju, i klasserommet og i eksamensoppgåver. Det er i avhandlinga identifisert strukturar som gjer at arbeidet med matematisk modellering blir redusert til å utføre gitte prosedyrar med digitale hjelpemiddel for å kome fram til eit fasitsvar. Lærarar som ikkje har hatt om matematisk modellering i si utdanning, lener seg på korleis matematisk modellering vert framstilt i eksamensoppgåvene. Nokre lærarar opplever ei konflikt mellom å skulle undervise nyttig matematikk for livet elles, og å skulle undervise for at elevane skal klare seg godt på eksamen. Konsekvensar kan vere at ein i praktisk matematikk berre lærer å utføre prosedyrar utan å sjå nytta i praksis. For at implementeringa av matematisk modellering skal svare til grunngjevingane, blir det i avhandlinga peika på at eksamensforma bør vere eigna til å kunne vurdere matematisk modelleringskompetanse, lærebøkene bør innehalde opne modelleringsoppgåver, og det bør bli lagt til rette for at lærarar får støtte til å utvikle undervisingskompetanse knytt til matematisk modellering.

Personalia

Ingeborg Katrin Lid Berget har tidlegare vore matematikklærar i vidaregåande skule. No er ho tilsett ved Høgskulen i Volda der ho også før og under arbeidet med doktorgradsavhandlinga har undervist matematikk i grunnskulelærarutdanninga.