Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Korleis kan vi predikere væskestraum i undergrunnen?

Vilde Dimmen disputerer 16.6.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Geologic controls on fluid flow and seismic imaging of faults in carbonate rocks".

Hovedinnhold

Vilde Dimmen disputerer fredag 16. juni 2023 for ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Geologic controls on fluid flow and seismic imaging of faults in carbonate rocks: Insights from quantitative outcrop analysis and reflection seismic modelling”.

Kunnskap om korleis væsker strøymer og bevegar seg i undergrunnen er sentralt innan blant anna CO2- og hydrogenlagring, olje- og gassutvinning, grunnvassressursar og nyttegjering av geotermisk energi. Avhandlinga bidrar til betra forståing av væskestraum i undergrunnen og avbilding av dette, gjennom to overordna tema: (i) geologiske kontrollar på væskestraum og reaksjonar mellom væsker og bergartane dei er i kontakt med, og (ii) seismisk avbilding av geologiske væske-kontrollar og reaksjonsprodukt frå væske-bergart interaksjon i undergrunnen.

I samsvar med tema ovanfor, byrjar avhandlinga med å kvantifisere og visualisere forholdet mellom væskestraum og strukturell kompleksitet, og presenterer deretter ei oversikt over geologiske kontrollar på væskestraum i sedimentære bergartar, basert på ein kombinasjon av litteraturanalyse og feltstudie. Eit viktig, nytt bidrag frå dette arbeidet er dokumentasjonen av hybride nettverk beståande av ein kombinasjon av sprekker og sedimentære avsetningsstrukturar som fungerer som leiarar for væskestraum. Vidare undersøkjer kandidaten korleis slike små-skala (nær eller under seismisk oppløysing) geologiske strukturar i undergrunnen kan påverke eit seismisk bilde ved hjelp av seismisk modellering. I tillegg til avbilding av potensielt væskeførande strukturar, er også produkta av væske-bergart interaksjon av interesse, og det er derfor viktig å også forstå deira seismiske signatur. Ved hjelp av seismisk modellering av forkastingskontrollerte, hydrotermale dolomittar i kalkstein, gir avhandlinga ny innsikt i korleis slike dolomittkroppar blir avbilda i seismiske data.

Personalia

Vilde Dimmen (f. 1991) fullførte mastergrad i geologi ved Universitetet i Bergen i 2016. I 2017 tok ho til på doktorgradsarbeidet ved Universitetet i Bergen, finansiert av personleg stipend frå VISTA. Hovudrettleiar er professor Atle Rotevatn og medrettleiar er professor Isabelle Lecomte.