Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Predikasjonar og forklaringar for eksperiment ved CERN

Adam Takacs disputerer 20.6.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Jets in hot nuclear matter".

Hovedinnhold

I partikkelakseleratorar som Large Hadron Collider ved CERN, vert protonar akselerert til høge hastigheitar og kolliderer. I desse høgernergikollisjonane vil det koma fram mange partiklar som vert målt i eksperimentet. Ved slike målingar kan ein oppdaga nye, ukjende partiklar frå avvik i fordelinga av desse partiklane. Denne oppgåva gjev predikasjonar og forklaringar på fleire målingar utført ved CERN.

Denne oppgåva er med på å betre skiljet mellom kvarkar og gluonar, som begge er byggjesteinane til protonar og nøytronar. Oppgåva er òg med på å gje eit betre innblikk i kvark-gluon-plasmaet, som er ein tilstand av kvarkar og gluonar som held høg varme og tettleik. Denne tilstanden svarar til den tidlege statusen til universet rett etter Big Bang. Til slutt gjev denne oppgåva ei unik kopling mellom høgenergipartikkelfysikk og høgenergikjernefysikk.

Adam Takacs tok bachelor- og mastergrada si i fysikk i Budapest. Under ph.d.-grada si har han tilbrakt tid ved Université Paris-Saclay i Frankrike, og Lunds Universitet i Sverige.

Personalia

Adam Takacs tok bachelor- og mastergrada si i fysikk i Budapest. Under ph.d.-grada si har han tilbrakt tid ved Université Paris-Saclay i Frankrike, og Lunds Universitet i Sverige.