Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Mange eldre får ikkje nødvendige ernæringstiltak

Kristin Ingvaldsen Folven disputerer 1.12.2025 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Missed opportunities in the nutritional care of older healthcare service users in Norway".

Hovedinnhold

Folven har i sitt doktorgradsarbeid undersøkt ernæringsbehandling og risiko for underernæring og blant eldre i Noreg. Forskinga viser at eldre som står i fare for å bli underernærte har høgare risiko for å bli lagt inn på sjukehus, få lengre sjukehusopphald og for å døy. Studien viser òg at mange eldre ikkje får tilbod om ernæringtiltak, sjølv om det er avdekka at dei har behov for slike tiltak.

I studien til Folven hadde eldre med risiko for underernæring opptil tre gonger høgare risiko for å døy innan seks månader. Dei blei liggande lenger på sjukehus og oftare lagt inn på nytt. Samstundes fekk ikkje alle den hjelpa dei trong: Ein tredjedel av dei eldre i risiko for underernæring fekk ingen ernæringtiltak. Eldre over 80 år og pasientar som var overvektige eller hadde fedme, fekk sjeldnare ernæringstiltak enn yngre og undervektige pasientar, sjølv om dei objektivt sett skulle hatt det. Avhandlinga peikar på at alle eldre med risiko for underernæring bør få ernæringstiltak, uavhengig av alder eller vekt.

Studien nyttar data frå kommunar i heile landet og frå Haukeland universitetssjukehus. Den gir viktig kunnskap om at risiko for underernæring påverkar helsa til eldre, og korleis helsetenestene følgjer opp denne risikoen. Resultata kan bidra til betre praksis i helsetenesta og meir målretta forsking framover.

Personalia

Kristin Ingvaldsen Folven (f.1982) har master i human ernæring frå UiB (2007). Ho er forskar i Helse Fonna, og har vore ph.d.-kandidat ved Klinisk institutt 1 (K1) ved Det medisinske fakultet, UiB, tilknytt Senter for ernæring. Doktorgradsprosjektet er gjennomført i og finansiert av Helse Fonna. Rettleiarar er ph.d. Eva Biringer, seniorforskar i Helse Fonna og førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, og ph.d. Randi J. Tangvik, førsteamanuensis ved K1, Det medisinske fakultet, UiB.