Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Intervensjon bidrog til røykereduksjon for opioidavhengige

Karl Trygve Druckrey-Fiskaaen disputerer 22.1.2026 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Reducing smoking among individuals receiving opioid agonist therapy".

Hovedinnhold

Dei fleste som mottek legemiddelassistert rehabilitering for opioidavhengnad røyker sigarettar. Dette er ei viktig årsak til sjukdom og tidleg død. Me fann at dei pasientane som fekk tilbod om hjelp til røykereduksjon hadde dobbelt så høg sjanse for å halvere sigarettbruken samanlikna med pasientar som ikkje fekk denne hjelpa. Røykereduksjon kan vere eit steg på vegen for å slutte å røyke, og kan redusere byrden av røykerelaterte sjukdommar.

I intervju med pasientar med opioidavhengnad avdekka me at mange hadde ønska å endre røykevanane sine, men få hadde opplevd å få hjelp til dette av helsepersonell. Me ville difor undersøke om det å få hjelp til røykereduksjon, medan dei fekk utlevert medikament mot opioidavhengnad i ruspoliklinikkar, kunne føre til at pasientane halverte talet på sigarettar dei røykte. For å undersøke dette rekrutterte me 235 pasientar ved ruspoliklinikkar i Bergen og Stavanger til ein randomisert røykereduksjonsstudie. Halvparten vart trekt ut til ein intervensjon med utlevering av gratis nikotinerstatningsprodukt og korte motiverande samtalar ein gong per veke i 16 veker. Den andre halvparten var kontrollgruppe og fylgde vanleg legemiddelassistert rehabilitering utan tilbod om hjelp med røykereduksjon.

Studiane våre viser at det er mogeleg å hjelpe pasientar som mottek legemiddelassistert rehabilitering med å redusere talet på sigarettar dei røyker. Alle pasientar som mottek legemiddelassistert rehabilitering bør difor få tilbod om hjelp til røykereduksjon med motiverande samtaler og gratis nikotinerstatningsprodukt. Vidare studiar bør undersøke om eit slikt tilbod over tid kan føre til røykeslutt.

Personalia

Karl Trygve Druckrey-Fiskaaen er overlege og spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin. Han har gjort doktorgradsarbeidet i 50 % stilling kombinert med 50% klinisk arbeid i Rus- og avhengigheitsklinikken i Helse Bergen. Doktorgradsarbeidet har vore del av ATLAS4LAR prosjektet i Bergen Addiction Research (BAR), leidd av prof. Lars Thore Fadnes, som òg er hovudrettleiar. Tesfaye Madebo og Jørn Henrik Vold er bi-rettleiarar. Kandidaten er knytt til Institutt for global helse og samfunnsmedisin.