Hjem
Nye doktorgrader
NY DOKTORGRAD

Forgreining og omsetjing som tilnærming til kultur

Jonas Gamborg Lillebø disputerer fredag 17. januar 2014 for ph.d.-graden med avhandlinga: «“Branchements” and “translation” as approaches to culture – An epistemological reflection on some aspects in the thinking of Jean-Loup Amselle and Paul Ricoeur».

Hovedinnhold

Avhandlinga tek sikte på å reflektere over omgrepet «kultur» frå ein politisk, filosofisk og antropologisk synsvinkel. Sjølv om mange vil hevde at kultur er noko dynamisk og ope, er det ein tendens til at ein i den breiare politiske diskursen (i diskusjonen av kulturell identitet og i utviklinga av såkalla «kulturell rasisme») reproduserer eit bilete av kultur som noko statisk og lukka. 

For det fyrste tek avhandlinga kritisk føre seg dei omgrepa (identitet, hybridisering) og den logikken (klassifikatorisk komparasjon av raser og språk) som konstituerer vår forståing av kultur. Desse omgrepa og denne logikken blir analysert utifrå den franske epistemologiske tradisjonen (Bachelard, Canguilhem) som såkalla epistemologiske hindringar. 

For det andre handlar det om å problematisere desse hindringane ved å overskride dei. Sentralt i dette er spørsmålet om kva type språk vi skal bruke for å snakke om kultur. Det er i denne samanhengen Lillebø undersøker metaforen branchements (forgreining) slik den er brukt av antropologen Jean-Loup Amselle, og omsetjing slik det er diskutert av filosofen Paul Ricoeur. Branchements er ein metafor tatt frå elektronikk og informatikk for å kunne skildre korleis kulturell utveksling er primært i forhold til eksistensen av (lukka) kulturelle identitetar. Branchements kan skildrast som ein struktur som både betingar og sjølv er betinga av utvekslinga og transformasjonen av teikn. Nytta på kulturell identitet viser metaforen branchements at identitet er ein relasjonell storleik der ulike kulturar står i eit ope kontinuitetsforhold til kvarandre. 

Ricoeur sitt perspektiv på omsetjing er at omsetjing er ein praksis som søker å skape «ekvivalens utan identitet». Omsetjinga sin praksis viser at ein form for kontinuitet og openheit mellom språk er mogleg utan å utslette forskjellane mellom språka eller forutsette ein forutgåande eining av alle språk (omsetjinga er ekvivalent men ikkje identisk). Branchements og omsetjing fungerer slik både som kritikk og som alternative måtar å tenke kultur.

Personalia:
Jonas Gamborg Lillebø (f.1979) er frå Ørsta på Sunnmøre. Han tok mastergraden i filosofi 2007 og har vore stipendiat ved institutt for filosofi og førstesemesterstudier i perioden 2008-2013. Han har i perioden som stipendiat hatt forskingsopphald ved Fondation Maison des Science de l’Homme i Paris.

 

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for samfunnsvitenskap og humaniora. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.