Hjem
Nye doktorgrader
NY DOKTORGRAD

Biologisk tilpassing til ekstreme temperaturar

Anita-Elin Fedøy disputerer fredag 21. mars 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Structure-function analysis of isocitrate dehydrogenase subfamily II: Adaptation to hot and cold".

Hovedinnhold

Eit enzym er ein biologisk katalysator som aukar reaksjonsfarten til ein prosess. For å forstå korleis enzym tolererer og fungerer ved høg og låg temperatur, har vi valt å jobbe med enzymet isocitrat dehydrogenase (IDH), som er eit metabolsk enzym som finst i dei fleste levande organismar, også i organismar som lever ved ekstreme temperaturar. I dette studiet har vi samanlikna stabiliteten og aktiviteten til fleire IDH-er frå mikroorganismar som veks i temperaturområdet frå 0 til 100˚C og jamført den mot den 3-dimensjonale krystallstrukturen til enzymet. Vi har funne strukturelle faktorar som er viktige for å stabilisere enzymet ved høge temperaturar, men også faktorar som gjev fleksibilitet, slik at enzymet kan vere aktivt ved låge temperaturar.

Totalt vart det under dette doktorgradsarbeidet løyst seks krystallstrukturar av tre ulike IDH-er. Kvar enkelt struktur viser eit augeblinksbilete av enzymet, som representerer ein spesiell enzymatisk tilstand. Når ein set saman fleire slike augeblinksbilete kan ein fylgje rørsla til enzymet gjennom katalysen. Vi har også samanlikna våre strukturar med andre allereie kjente strukturar av IDH, noko som har gjeve oss ny kunnskap om reaksjonsmekanismen til denne typen IDH.

Resultata av studien har gitt innsikt i korleis stabilitet og aktivitet er oppretthaldt i naturen under ekstreme temperaturar. Desse resultata kan brukast i utviklinga av nye strategiar for å stabilisere eller endre aktiviteten også til andre meir medisinsk eller industrielt viktige enzym.

Personalia:
Anita-Elin Fedøy (f. 1975) kjem frå Bulandet i Sogn og Fjordane. Ho tok hovudfag i molekylærbiologi ved UiB i 2003. Doktorgradsprosjektet utgår frå Institutt for biologi og er finansiert av Norges forskingsråd, med professor Nils-Kåre Birkeland som hovudrettleiar og dr. Ida H. Steen som medrettleiar (begge ved Institutt for biologi og Senter for geobiologi). Doktorgradsarbeidet var ein del av eit større samarbeidsprosjekt med Norstruct, Universitetet i Tromsø, og Karolinska Institutet i Stockholm.