Hjem
Nye doktorgrader

Korleis hindre at laksen mistar synet?

Sofie Charlotte Remø disputerer fredag 21. mars 2014 for ph.d.-graden ved NIFES/Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Assessment of risk factors for cataract development in farmed Atlantic salmon”.

Hovedinnhold

Katarakt (grå stær) er ei augeliding som inneber at linsa vert skada og fisken gradvis mistar synet. Dette er ei produksjonsrelatert liding, og er ei etisk og velferdsmessig utfordring i oppdrett av laks. Det er eit mål at fisken skal vekse godt, utnytte fôret godt og verte eit sunt måltid for forbrukarar, samtidig som velferda til fisken er ivaretatt. Dette arbeidet har fokusert på tre viktige risikofaktorar som er relevante i dag: bruk av planteoljer i fôret, låge nivå av aminosyra histidin i fôret og høge sjøtemperaturar.

På mange måtar blir fisken det den et, då feittsyrene i veva speglar samansetjinga i fôret. Linsa derimot, vart lite påverka av kva oljer som var brukt i fôret. Planteoljer auka ikkje risikoen for katarakt hos laks i sjø, men linsene fekk ein lågare omega-3/omega-6 balanse. Dette kan gi sterkare betennelsesreaksjonar, samtidig som avlesinga av gen som beskyttar linsa vart endra.

Aminosyrer er byggesteinar for protein og behovet for vekst er bestemt av arvematerialet (DNA). Men aminosyrer  har også andre viktige oppgåver. Eit fôringsstudie viste at laks treng nesten dobbelt så mykje histidin for å hindre utvikling av katarakt enn den treng for å vekse. Laksen brukar histidin til å lage N-acetyl-histidin (NAH) i linsa, som blei vist å fungere som antioksidant. Dette er særskilt viktig i sensitive periodar som til dømes etter sjøutsetjing av smolt og når sjøtemperaturane stig. Til samanlikning treng regnbogeaure lågare nivå av histidin for å bevare augehelsa.

Sjøtemperaturen svingar frå år til år, medan snittemperaturen har auka gradvis, og er venta å halde fram med å auke. I forsøk på høg temperatur, utvikla laks meir alvorleg katarakt enn regnbogeaure. Den metabolske profilen (metabolomikk) i linsa viste at regnbogeauren var betre beskytta grunna høgare nivå av NAH og andre antioksidantar. Høg temperatur førte til oksidativt stress i linsa hos laks, og problem med glukoseomsetjinga som minner om problematikken hos menneske som har  diabetes.

Personalia:

Sofie Charlotte Remø blei fødd i 1983 og vaks opp i Ulsteinvik. Ho fullførte mastergrada i Ernæring – ernæring hos akvatiske organismar i oppdrett ved Universitetet i Bergen/NIFES i 2009. Sidan 2009 har ho vore tilsett på NIFES, og i 2010 byrja ho på doktorgraden sin. Remø har gjennomført doktorgradsarbeidet under veiledning av Forskningssjef Prof. Rune Waagbø, Dr Pål A. Olsvik og Dr Ernst Morten Hevrøy.