Hjem
Nye doktorgrader

Korleis omset vi det som ikkje finst?

Lidun Hareide disputerer fredag 16. mai 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Testing the Gravitational Pull Hypothesis in translation. A corpus-based study of the gerund in translated Spanish.”

Hovedinnhold

Hareide si avhandling omhandlar kva som skjer i omsetting med grammatiske fenomen som berre finst på målspråket, men ikkje i språket ein omset frå. På dette fagfeltet er det framsett tre hypoteser, Baker (1993) sin “Over-representation of Target-language Specific Features Hypothesis”, Tirkkonen-Condit (2001) sin “Unique Items Hypothesis” og Halverson (2003)  sin “Gravitational Pull Hypothesis”. Dei to førstnemnde hypotesane er motstridande, men begge har likevel fått omfattande støtte frå empirisk forsking. Halverson sin hypotese freistar å forklare og føreseie i kva situasjonar desse to vil få støtte. Hareide er den første til å teste alle tre empirisk. Ho har først kartlagt kva språklege ressursar på norsk og på engelsk som utløyser bruk av gerundium i omsettingar til spansk, og har så testa hypotesane empirisk på dette materialet.

 

Hareide si forsking viser at “Gravitational Pull”-hypotesen kan testast empirisk og at denne får støtte. I tillegg vert “Unique Items”-hypotesen falsifisert, og avhandlinga viser at denne hypotesen må reformulerast.

 

For å kunne teste hypotesane har ho bygd ein språkressurs, The Norwegian-Spanish Parallel Corpus (NSPC) (Hareide og Hofland 2012), som ligg fritt tilgjengeleg på nettet. http://metashare.nb.no/repository/browse/the-norwegian-spanish-parallel-...

 

Personalia:

Lidun Hareide (fødd 1964) er master i spansk og latinamerikastudier ved Universitetet i Bergen (2006). Frå 2008 til 2013 var ho tilsett som stipendiat ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen, der ho også no er tilsett som universitetslektor. I tillegg underviser ho ved Ålesund Videregående skole (Latinskolen).