Hjem
Nye doktorgrader

Tunge kvarkar frå kollisjonar på CERN

Hege Austrheim Erdal disputerer onsdag 11. juni 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “D0-electron correlations in pp collisions at sqrt(s) = 7 TeV”.

Hovedinnhold

ALICE er eit dedikert tungione-eksperiment ved CERNs Large Hadron Collider (LHC). Ved å kollidere blykjernar nær lysets hastighet kan ein gjenskape forholda i det tidlige univers. Hadron, for eksempel nøytron eller proton, er bygd opp av kvarkar. Under normale forhold vil ikkje kvarkane eksistere utanfor hadron. Om trykket og temperaturen blir høgt nok, vil hadrona “smelte” og danne kvark-gluon-plasma (QGP).

Eit viktig tema i forskinga på QGP, er korleis parton, eller kvarkar og gluon, vil reagere med, og på denne måten miste energi, når dei beveger seg gjennom plasmaet. Erdal har fokusert på dei tunge kvarkane sjarm og botn, og korleis desse reagerer med QGP. Den høge massen til desse kvarkane gjer at dei først og fremst blir produsert i dei tidlige fasane av kollisjonen. Dette fører til at dei følgjer heile evolusjonen til plasmaet, og er på denne måten svært eigna til å teste forskjellige eigenskapar som plasmaet har.

Ein kan finne ut meir om korleis dei tunge kvarkane oppstår, og korleis dei reagerer med plasmaet, ved å studere partiklar som er knytt til dei tunge kvarkane. Dette gjer ein ved å utføre korrelasjonsmålingar, der ein ser på korleis partiklane er lokalisert i forhold til kvarandre. Det blei fokuserert på partikkelen D0 meson samt elektron som har falt hen frå eit meson som er bygd opp av minst ein tung kvark. Analysen i avhandlinga er utført på proton-proton kollisjonar, og er eit viktig steg i retninga for å forstå same analyse utført på data frå kollisjonar av blykjernar. ALICE-detektoren er forventa å gjennomgå ei oppgradering i 2018. Eit estimat av forventa statistikk og usikkerhet etter oppgraderinga er også presentert.

 

Personalia:

Hege Austrheim Erdal er født i 1985 og vaks opp på Sandane, Gloppen. Ho fullførte mastergrad i fysikk ved Universitetet i Bergen våren 2009. Frå desember 2009 har ho arbeida med doktorgraden i kjernefysikk ved Høgskulen i Bergen og Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen. Rettleiarar har vore professor Håvard Helstrup, professor Dieter Röhrich og førsteamanuensis Kristin Hetland.