Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Verdas største algevirus funne i norsk fjord

Torill Vik Johannessen disputerer fredag 16. januar 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Marine virus-phytoplankton interactions».

Hovedinnhold

Målet med avhandlinga var å finne ut meir om korleis virus påverkar planteplankton i havet. Tre nye algevirus vart isolert og karakterisert. Ikkje berre er desse virusa blant dei største vi kjenner til, altså gigantvirus, men dei utfordrar også etablerte sanningar om algevirus. To av virusa kan infisere to ulike artar, slik som svineinfluensa kan infisere både menneske og grisar, noko som sjeldan har vore rapportert for algevirus. Slike virus som kan infisere fleire artar er sannsynlegvis viktige i mangfaldige samfunn, slik som i norske fjordar om sommaren og hausten.

Storskala DNA-sekvensering  vart nytta til å undersøke virus, bakteriar og planteplankton i Raunefjorden og Oslofjorden gjennom ein to-årsperiode. Hovudfokus var på algevirus og svepeflagellatar samt cyanomyovirus, som infiserer blågrønalgar.  Storskala DNA-sekvensering gjev eit mykje meir detaljert bilete enn tidlegare analyser ved mikroskopering, og det viste seg at ukjente svepeflagellatar var vanlege og at ingen av algevirusa som vart påvist er tidlegare karakteriserte. Algevirus er kjent for å kunne avslutte store, giftige, algeoppblomstringer; talet på virus aukar då kjapt for så å minske igjen. I motsetning til dette vart det funne at det er mange virustypar som er stabilt til stades i havet gjennom fleire årstider. Slike stabile virus påverkar sannsynlegvis artssamansetninga og evolusjon, og kan kanskje motverke algeoppblomstringer.

 

Personalia:

Torill Vik Johannessen (f.1980) er oppvaksen i Jølster i Sunnfjord og tok master i mikrobiologi ved Universitetet i Bergen i 2008. Doktorgradsarbeidet er utført ved Universitetet i Bergen, finansiert av forskingsrådet og prosjektet HAPTODIV.