Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Bakteriar frå kveis kan betre haldbarheita til fisk

Cecilie Smith Svanevik disputerer 17. mars 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: «Microbiological aspects of fish handling and processing in the Norwegian pelagic sector».

Hovedinnhold

Fiskefarse med bakteriar frå kveis har betre haldbarheit enn farsen utan bakteriane. Årsaka kan vere at auka konkurranse mellom fleire bakteriar bremsar utviklinga deira.

I arbeidet med doktorgrada si har Cecilie Smith Svanevik undersøkt mikroorganismar knytt til pelagisk fisk, og korleis dei kan betre haldbarheita til fisken. Bakteppet er å bidra til auka ressursutnytting av fisk og minska svinn.

Svanevik har blant anna sett på korleis kveisparasitten påverkar haldbarheita til fiskekjøtt. Kveis er ein parasitt som fisken får i seg gjennom maten den et. Vidare kan kveis ta seg frå tarmen til fisken og ut i fileten. Svanevik undersøkte om kveisen hadde med seg bakteriar frå tarmen, og korleis det kunne påverka fileten. Ho laga farse av filetar utan kveis, og tilsette så bakteriar frå kveis i ulike dosar.

Hypotesen var at fiskefarse utan kveis ville ha lengst haldbarheit. Slik var det likevel ikkje. Farsane med kveis hadde monaleg betre haldbarheit enn farsane utan kveis. Resultatet overraska Svanevik, som trur grunnen er at fleire bakteriar i farsen fører til auka konkurranse mellom bakteriane, og at dei dermed utvikla seg saktare.

Svanevik har også studert korleis nyfanga makrell vert påverka av sin transport gjennom pumpesystemet som fraktar fisken frå ringnota til store lagringstankar. Bakteriar som vart funne i tarmen hos fisk i ringnota, vart funne att på gjeller og skinnet til fisk i oppbevaringstanken. Konklusjonen er at noko av tarminnhaldet vert pressa ut av fisken undervegs og seinare kan finnast på overflatene til omkringliggjande fisk. Dette har lite å sei for mattryggleiken, men svekker lagringsevna til produktet frå fisken.

 

Personalia:

Cecilie Smith Svanevik, født i 1984, er busett i Bergen, men vaks opp på Valestrand på Osterøy. Ho fullførte mastergrada si i biologi ved Universitetet i Bergen i 2010. Svanevik tar doktorgrada ved Universitetet i Bergen, men store deler av arbeidet er gjort ved NIFES i Bergen.