Hjem
Nye doktorgrader
ny doktorgrad

Færre underernærte born i Ghana, men ikkje få nok

Dickson Abanimi Amugsi disputerer torsdag 19. mars 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Child Care Practices, Resources for Care, and Nutritional Outcomes in Ghana: Findings from Demographic and Health Surveys”.

Hovedinnhold

I Ghana er ein stor del av born under fem år underernærte. I seinare år har styresmaktene i Ghana gjort mykje for å redusere underernæring hjå born. Analyser i denne avhandlinga viser at det har vore ein nedgang i alle typar underernæring i Ghana mellom 1993 og 2008. Kronisk underernæring (låg høgde for alder) har gått ned frå 34 prosent i 1993 til 26 prosent  (23 prosent reduksjon) i 2008. Sjølv om nedgangen vitnar om ei positiv utvikling, er han ikkje tilstrekkeleg for at Ghana møter målet til Verdas helseorganisasjon (WHO) om ein reduksjon i kronisk undernæring blant born under fem år på 40 prosent innan 2025. 

Resultata viser også at talet på born med akutt underernæring (for tynn for høgd) har hatt ein svært liten reduksjon over perioden – berre frå 15 prosent i 1993 til 13 prosent i 2008 (framleis eit høgt nivå etter WHO sine mål). Dette er urovekkande, særleg av di born som er akutt underernært har auka sjanse for å dø samanlikna med velfødde born. Ghana må auke innsatsen for å takle akutt underernæring i landet. Utfordringa med barnedødelegheit kan ikkje møtast utan at ernæringsproblema er løyste.

Det står att mykje arbeid før Ghana når akseptable nivå når det gjeld borns ernæringsstatus. Denne avhandlinga har identifisert to moglege måtar ein kan nedkjempe underernæring blant born i Ghana: godt kosthald og gode omsorgsvanar i heimen. Resultat viser at born som har eit variert kosthald har betre fysisk vekst samanlikna med born med ein diett av lågare kvalitet. Vidare har born som får anna god omsorg i heimen betre fysisk vekst enn born med dårlegare omsorg.

Summert opp ein seie at underernæring blant born er eit minkande problem i Ghana, men framleis er nivået uakseptabelt høgt. Variert kosthald og andre gode omsorgsvanar er viktige og bør fremjast i Ghana for å takle utordringa med underernæring i landet.

 

Personalia:

Dickson Abanimi Amugsi har ein bachelorgrad i psykologi frå Universitetet i Ghana, og ein mastergrad i internasjonal helse frå Universitetet i København, University College London og Universitetet i Bergen. Før han byrja på doktorgraden jobba han som forskar ved forskingssenteret Navrongo Health Research Centre i Ghana. Han jobbar no ved det same senteret.