Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Betydinga av omsorg og fysisk vekst blant born

Dennis Juma Matanda disputerer onsdag 18. mars 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Child physical growth and care practices in Kenya: Evidence from Demographic and Health Surveys”.

Hovedinnhold

Avhandlinga skildrar underernæring i born i Kenya slik det kjem til uttrykk i suboptimal fysisk vekst, og gjennom amming og anna kosthald. Globalt døyr millionar av born under fem år av forhold assosiert med underernæring. Effektar av underernæring er ikkje einast barnedødelegheit, men har alvorlege konsekvensar for overlevande. Kva og korleis ein gir born mat er ein nøkkelpraksis i omsorg for born. Tilnærminga til mat som er mest gunstig for spedborn er å bli lagt til mors bryst innan ein time etter fødsel, bli fullamma i seks månader, framhald med amming i tillegg til fast føde fram til to år eller lenger, og å unngå av bruk av flaske. Data viser at mange born globalt, også i Kenya, ikkje får optimal kost, noko som  igjen bidreg til auka barnedødelegheit. Det er eit paradoks at verdssamfunnet framleis strevar med barnedødelegheit på grunn av underernæring når eit tilgjengeleg verkemiddel som fullamming har så store helsegevinstar for born.

Funn i denne avhandlinga viste stagnerande trendar i barns fysiske vekst og amming- og kosthaldsmønster i Kenya. Resultat viste kjønnsskilnader i borns vekst – som tidlegare studiar frå land sør for Sahara har vist, hadde gutar litt dårlegare vekstmønster samanlikna med  jenter. Analyser i avhandlinga viste at borns vekst og omsorgsvanar varierte avhengig av kva for provins i Kenya borna høyrde til. Sistnemnte utgjer ein sentral konklusjon i avhandlinga – dersom vi betre forstår korleis ‘stad’ påverkar borns fysiske vekst og omsorgsvanar, kan vi tilpasse helsefremjande intervensjonar til å vere sensitive for ulike lokale kontekstar.

 

Personalia:

Dennis Juma Matanda har bachelorgrad i byplanlegging (Urban Planning) frå Makerere Universitet, Uganda, og m.phil. i Helsefremjande arbeid (snøgg-spora til ph.d.) frå Universitetet i Bergen. Han har arbeidd for African Medical and Research Foundation, Nairobi, og underviser no deltid ved Kenya Methodist University, Nairobi.