Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Biodrivstoffinvesteringar og jordpolitikk i Ghana

Festus Boamah disputerer fredag 17. april 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Biofuels and land politics: Connecting the disconnects in the debate about livelihood impacts of jatropha biofuel land deals in Ghana”.

Hovedinnhold

Globalisering, finanskriser og klimaendringar gir fokus på produksjon av biodrivstoff som alternativ til fossile drivstoff. Avhandlinga undersøkjer korleis utanlandske investeringar i dyrking av den oljerike planten jatropha for produksjon av biodrivstoff i Ghana påverkar det lokale jordbruket.

Sidan kolonitida har tilgang og kontroll over jordressursar i Ghana vore prega av ein skiftande maktbalanse mellom staten og lokale leiarar. Slik har det vakse fram institusjonaliserte praksisar der den personlege evna til å produsere og kontrollere visse politiske diskursar er sentral for å rettferdiggjere og legitimere interesser i ressursar som jord.

Gjennom teoriar frå politisk økologi analyserer avhandlinga den sentrale rolla lokale institusjonar, autoritetspersonar og politikk spelar for tilgangen til dyrkbar jord for småbønder som misser jord til utanlandske store jatrophaprosjekt. I dei tre prosjekta som vert samanlikna klarer dei fleste bøndene å få tilgang til ny dyrkbar jord gjennom sosiale nettverk og samfunnsinstitusjonar som fremjar resiprositet og solidaritet, som t.d. dugnad. Migrantar og lokale bønder som ikkje har investert i sosiale nettverk, eller har eit godt forhold til dei lokale autoritetane, har større problem med å få ny tilgang til jord, men alle klarte å skaffe ny dyrkbar jord etter få månader.

Studien følgjer prosessen med korleis bønder manøvrerer seg fram til jordtilgang over tid, og bidrar til ny forståing av korleis lokale sosiale og politiske institusjonar i Ghana kan medverke til å dempe bønder sitt økonomiske uføre når dei vert bortviste frå jorda slekta gjerne har dyrka gjennom generasjonar.

Når skepsisen til stor-skala plantasjedrift etter historiske erfaringar er så stor, og den statlege jordforvaltinga så svak som i Ghana, vert den politiske debatten der lokale leiarar, organisasjonar, media og investorar strategisk nyttar polariserte omgrep som ‘jordran’ i motsetnad til ‘jordtransaksjonar’ ein viktig jordforvaltingsmekanisme.

Diskursanalyse viser korleis slike politiske mekanismar påverkar biodrivstoffprosjekta. Avhandlinga viser at ein må forstå påverknaden av biodrivstoffinvesteringar i spesifikke geografiske kontekstar der globalisering, statsdanning og lokale institusjonar verkar saman.

 

Personalia:

Festus Boamah (f. 1983) har bachelorgrad i geografi frå University of Ghana og mastergrad i utviklingsgeografi frå Universitetet i Bergen. Han har vore knytt til Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, som ph.d.-kandidat sidan 2011.