Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Medikamentell abort: Trygt og effektivt

Mette Løkeland disputerer fredag 17. april 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Implementation of Medical Abortion in Norway 1998-2013”.

Hovedinnhold

Sidan 1998 har medikamentell abort vore tilgjengelig i Noreg. Ei gjennomgang av 15 år med medikamentell abort viser at dette er ein effektiv og trygg måte å avslutta eit uynskt svangerskap.

Løkeland har analysert data frå 223.692 kvinner som søkte abort mellom 1998 og 2013, registrert i Abortregisteret. Analysane viser at ein i denne perioden hadde ei tilnærma total omlegging av behandlingsmåte frå kirurgi til tablettar. I 2013 vart 82,1 prosent av alle abortar i Noreg utført medikamentelt, mot 5,9 prosent i 1998.

Dette har gitt betre tilgang på abort. Kvinner som tar medikamentell abort får utført inngrepet tidlegare i svangerskapet enn dei som får utført kirurgisk abort. Andelen sjølvbestemte abortar utført før 9. veke har i perioden auka frå 44 prosent i 1998 til 77,8 prosent i 2013. Ventetida frå kravet om abort er registrert til abort er utført, har i same periode falt frå eit snitt på 11,3 til 7,3 dagar.

Ei nasjonal kartlegging viste at norske avdelingar tilbyr eit breitt tilbod for avbryting av svangerskap, i tråd med nasjonale og internasjonale retningsliner. Innan tre år frå 1998 kunne halvparten av alle avdelingar i Noreg tilby medikamentell abort, i 2010 var det tilgjengeleg ved alle avdelingar.

I arbeidet inngår også to kliniske studiar ved Kvinneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus, der ein innførte medikamentell abort som heimebehandling opp til ni veker, og medikamentell abort i 9.-12. veke. Ein fann at heimeabort er ei akseptabel og føretrekt behandlingsform for kvinnene, som kan verte tilbydd uavhengig av reiseavstand til sjukehuset, og at medikamentell abort også i veke 9-12 er ei effektiv og akseptabel behandling. Frå 2008 var det ein raske auke i talet på avdelingar som kunne tilby både heimeabort og medikamentell abort i veke 9-12. I 2012 var heimeabort tilgjengeleg ved 92,1 prosent av alle norske avdelingar, mens 84,4 prosent kunne tilby medikamentell abort i veke 9-12.

 

Personalia:

Mette Løkeland er fødd i Trondheim i 1971. Ho er cand.med frå Universitetet i Oslo i år 2000 og vart godkjend spesialist i Fødselshjelp og kvinnesjukdomar i 2008. Ho er tilsett som overlege ved Abortregisteret, Folkehelseinstituttet (20 prosent). Avhandlinga utgår frå Klinisk Institutt 2, Universitetet i Bergen, der ho var tilsett som stipendiat frå 2010-2014. Rettleiarar har vore professorane Line Bjørge og Ole-Erik Iversen.