Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Korleis oppdage CO2-lekkasje på havbotnen?

Hilde Kristine Hvidevold disputerer fredag 26. juni 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Quantifying uncertainties when monitoring marine environments in connection with geological storage of CO2”.

Hovedinnhold

Klimaendringar og global oppvarming er ei av dei største utfordingane menneska har stått ovanfor, og menneskeskapte CO2-utslepp er hovudårsaka til den globale oppvarminga. Ei auke i folketal og velferd vil føre til ein global auke i verdas behov for energi, og fossilt brensel vil vera den dominerande energikjelda i mange år framover. Utfordinga er derfor å redusera menneskeskapte CO2-utslepp samtidig som verdas energibehov vert dekka. Eit lovande tiltak for å redusere CO2-utslepp er å lagre CO2 i geologiske formasjonar under havbotnen. Eigenskapane til CO2 fører til at CO2 vil søke seg oppover, og eit mogleg utfall er lekkasje til havet. Sjølv om  sannsynet for lekkasje er liten, kan ein aldri vera hundre prosent sikker.  Derfor er det viktig å ha på plass gode metodar for å oppdaga ein eventuell lekkasje på havbotnen.

For å oppdaga lekkasjar er det viktig å forstå korleis CO2 oppfører seg i havet. Då er modellen som beskriv korleis CO2 som lekk frå havbotn vil stiga og løyse seg opp i havet viktig. Modellen er satt saman av to likningar som har ukjente verdiar som må fastsetjast ut frå eksperiment. Arbeidet i avhandlinga fastset uvissa i desse verdiane for eit gitt eksperiment, og viser korleis uvissa påverkar svaret som modellen gjer.  I tillegg vert det undersøkt korleis ein skal designe eit nytt eksperiment for å minimere uvissa.

Avhandlinga demonstrerer også korleis informasjon om moglege lekkasjeområder kan kombinerast med simuleringsdata som viser CO2-spreiing på havbotn for å designe eit program for overvaking; korleis ein skal plassera sensorar eller ta enkle målingar på havbotn slik sannsynet for å oppdage ein lekkasje vert maksimert, samstundes som kostnadane kan holdast nede.

Personalia:

Hilde Kristine Hvidevold er fødd i 1985 og er oppvaksen på Halsnøy i Kvinnherad kommune. Ho har ein mastergrad i anvendt matematikk frå Universitetet i Bergen frå 2009. Etter mastergraden byrja ho på avhandlinga si som universitetsstipendiat ved UiB. Rettleiarar har vore Guttorm Alendal, Truls Johannessen og Trond Mannseth. Hvidevold arbeider i dag som VVS ingeniør i Sweco.