Hjem
Nye doktorgrader
ny doktorgrad

Fedmekirurgi som levd erfaring: fem år etter

Eli Natvik disputerer fredag 9. oktober 2015 for ph.d-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Carrying the weight of uncertainty: Patients’ long-term experiences after bariatric surgery».

Hovedinnhold

Kirurgi er eit behandlingsalternativ for vaksne med alvorleg fedme og behov for vektreduksjon. Behandlinga gir vanlegvis tilstrekkelig vekttap, tilfriskning frå helseplager og betre livskvalitet, men har biverknadar og medfører risiko. Kunnskapen om resultat og konsekvensar på lang sikt er mangelfull. Natvik har gjennomført djupneintervju med pasientar som har hatt fedmekirurgi, minst fem år etter inngrepet. Avhandlinga ser på korleis pasientar kan erfare behandlinga, og kva det inneber for livet på lang sikt.

I første studie viser deltakarane sine erfaringar at vektreduksjon etter fedmekirurgi betydde ei pågåande merksemd på kroppen i endring, og endringar i det sosiale livet. Følelsar og tankar for å forstå seg sjølv var ein del av prosessen. Andre studie er ei utforsking av eting. Deltakarane sine erfaringar viser at eting føregjekk innanfor eit helse- og ernæringsperspektiv, men òg at erfaringane gjekk utover dette og var djupt meiningsfylte. Endring kunne vere vanskeleg, og eting innebar redsel for å gå opp i vekt. Tredje studie utforskar menn sine erfaringar etter fedmekirurgi. Vekttapet betydde auka handlingskapasitet på lang sikt. Fedmekirurgi var ei inngripande behandling med uoversiktlege konsekvensar, som likevel var meiningsfylt fordi den gav handlingsrom.  

Fedmekirurgi var erfart som livsendrande, og innebar ambivalens. Erfaringane viste at behandlinga betydde langt meir enn varig vekttap og betre helse, og at usikre aspekt knytt til helse og framtid ikkje vart borte. Resultata gir sentrale bidrag til utvikling av informasjon og oppfølgingstilbod. Slik kan pasientane bli betre rusta for den endringsprosessen inngrepet inneber. Avhandlinga viser at oppfølginga bør integrere psykisk helse i oppfølginga, på lik linje med vekt, ernæringsstatus og andre helseaspekt.

 

Personalia:

Eli Natvik (f. 1973) er utdanna fysioterapeut (Høgskulen i Bergen, 1996). Ho fullførte mastergrad i helsefag ved Universitetet i Bergen i 2010. Natvik har m.a. arbeida som fysioterapeut innan rehabilitering i Førde og Bergen (1997-2001), og i Helse Førde sidan 2002. Ho har vore stipendiat ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin sidan 2012, under rettleiing av professor Målfrid Råheim, professor Eva Gjengedal og førsteamanuensis Christian Moltu. Eli Natvik bur i Førde.