Hjem
Nye doktorgrader
ny doktorgrad

Vitamin B12 betrar utviklinga til småbarn i utviklingsland

Ingrid Kvestad disputerer tysdag 26. januar 2016 for ph.d.- graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Biological risks and neurodevelopment in North Indian children. Results from a randomized controlled trial on vitamin B12 and folic acid».

Hovedinnhold

Daglig tilførsel av vitamin B12 og folsyre i seks månader betra utviklinga hos spedbarn og småbarn i India. Utviklingsområda som synte best effekt av intervensjonen var grovmotoriske ferdigheiter og problemløysing. Det er hovudfunna i avhandlinga som baserer seg på data frå eit randomisert kontrollert studie på effekten av vitamin B12 og folsyre hjå spedbarn og småbarn i New Delhi, India.

Borna vart tilfeldig fordelt i fire ulike grupper som fekk plasebo, folsyre, vitamin B12, eller begge desse vitamina dagleg, og vart følgt tett i seks månader. På slutten av perioden vart borna si utvikling undersøkt.

Dei borna som i utgangspunktet vaks dårlig, og som hadde låg vitamin B12-status, hadde best effekt av dei to vitamina. Når me undersøkte kva andre faktorar som var viktige for borna, fann me at vekst hang saman med utvikling, større ungar hadde høgare score. Me fann også at ei auke i episodar med diare og lungebetennelse i løpet av perioden var assosiert med lågare utviklingsscore. Samstundes var det tilgang på stimulering og læringssituasjonar som viste den sterkaste samanhengen med utviklingsscore for borna.

Mangel på vitamin B12 er utbreidd over heile verda, særleg hos dei som et lite kjøtt.

Dårlig ernæring og høg førekomst av infeksjonar i tidlig alder er utbreitt i låginntektsland, og representerer viktige risikofaktorar for dårleg utvikling.

Våre resultat syner at for å betre situasjonen til fattige born i låginntektsland, må ein tenkje breitt og sette inn ulike tiltak. Å sikre god ernæring og førebygge infeksjonar hjå born tidleg er avgjerande. Samstundes må ein jobbe for å styrke deira psykososiale omgjevnadar. Slike tiltak vil ha ei rekke positive konsekvensar både på kort og lang sikt. Borna vil få sjanse til å utvikle seg etter sitt fulle potensiale, og få betre utbyte av skulegangen, og på lengre sikt kunne bryte ut av dei negative sirklar av fattigdom.

Personalia:

Ingrid Kvestad er utdanna cand.psychol. ved Universitetet i Bergen, og er spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi. Frå 2011 har ho vore stipendiat ved Psykologisk fakultet, Universitetet i Bergen, og tilknytta Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, Vest, Uni Research Helse. Doktorgraden er basert på data frå eit prosjekt som går ut frå Senter for internasjonal helse ved Universitetet i Bergen, i samarbeid med Center for Applied Studies i New Delhi, India.