Hjem
Nye doktorgrader

Fiskelever kan avsløre miljøgifter

Marta Eide disputerer måndag 9. mai 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Experimental systems for studying toxicological responses in teleost species”.

Hovedinnhold

Me omgjev oss i dag med eit stort antall kjemikaliar, og mange av desse ender opp som miljøgifter i havet. Det er dermed viktig å studere kva som skjer i vasslevande organismar når dei vert utsett for forureiningar. Fisk er ei stor matkjelde for menneske og har i tillegg mange av dei same gena som oss, og er difor særskilt interessante å studere. Samstundes er det eit mål for forsking å bruke færre forsøksdyr i arbeidet sitt. Eit alternativ er å hente ut vev og celler frå dyret, og la desse leve og bli eksponert under kontrollerte tilhøve. Sidan det meste av nedbrytinga av miljøgifter skjer i levera, er det viktig å forstå meir om kva som hender i dette organet.

I sitt doktorgradsarbeid har Marta Eide konkludert med at levercellesystem og bioinformatiske metodar er nyttige verktøy i grunnleggjande forståing av responsar og risikovurdering av miljøgifter. Eide har utvikla ein system av tynne leverskiver frå torsk og nytta dette til å undersøkje kva gen som vert ”slått av og på”  for å beskytte mot kjemikaliar, både enkeltvis og i blandingar. Nettverket av gen og protein som er med i beskyttelsen mot og nedbrytinga av kjemiske stoff vert kalla det kjemiske defensomet. Med bruk av bioinformatiske søk i DNA-et til torsk har Eide identifisert dei 510 gena som er med i defensomet i denne arten. Resultata viste overraskande at torsk manglar ein reseptor, kalla promiskuøs xenobiotisk reseptor (PXR), som i andre dyr er ein viktig regulator for mange gen i dette nettverket. Arbeidet vil vere nyttig for vidare forsking på torsk i samband med fiskeri og oppdrett, men også som modell for andre dyr.

Personalia

Marta Eide (f. 1986) er oppvaksen og busett i Granvin i Hardanger. Ho har bachelor- og mastergrad i molekylærbiologi frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet har vorte utført i forskingsgruppa Miljøtoksikologi ved Institutt for biologi, Universitetet i Bergen, i perioden 2011-2016, med finansiering frå Universitetet og Norsk Forskingsråd. Hovudrettleiar har vore professor Anders Goksøyr (UiB), med førsteamanuensis Odd André Karlsen (UiB), forskar Pål Puntervoll (UiB) og seniorforskar Pål Olsvik (NIFES) som medrettleiarar.