Strøyming av konferansen 14. november
Polyfon har ei nasjonal orientering og vi ønskjer at flest mogeleg kan få kjennskap til det faglege utviklingsarbeidet i kunnskapsklynga. Det bli difor enkel strøyming av den delen av Polyfon-konferansen som går i plenumssalen.
Hovedinnhold
Den levande musikken, parallell-sesjonane, deltaking i diskusjonane, posterutstillinga, lunsjpraten… Det er mange gode grunnar til å få med seg Polyfon-konferansen «fysisk». 2025-konferansen blir arrangert i Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine lokale på Kronstad i Bergen. Vi takkar HVL - som er ein av Polyfons klyngedeltakarar - for godt samarbeid!
Ikkje alle har høve til å reise på Polyfon-konferanse kvart år. Så, vi legg opp til strøyming av den delen av konferansen som går i plenumssalen.
Lenke til strøyminga av konferansen: Polyfon-konferansen 2025
Merk: Dersom det oppstår problem med strøymelenka over, vil vi gå over på back-up strøyming, bruk då denne lenka: Back-up Polyfon-konferansen 2025
Generell informasjon om Polyfon-konferansen
Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon.
Konferansen samlar brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar med interesse for korleis musikk kan vere ein ressurs for helse, livskvalitet og samfunnsdeltaking.
- Har du lyst til å bidra på Polyfon-konferansen neste år? Ny konferanse blir annonsert i løpet av vårsemesteret, sjå retningslinjene for bidrag her.
- Omtale av tidlegare års konferansar finn du her.
