Hjem
Rektoratet
Valplattform

Valplattforma Team Hagen 2021

Hovedinnhold

Vårt verdigrunnlag

Vi er eit lag frå ulike delar av universitetet, frå ulike fagområde med ulike måtar å undervisa og forska på, med breie og varierte leiarerfaringar. Det gjer at vi samla har svært god innsikt i fagmiljøa, studentane og forskarane sin kvardag.

Vi har brukt dei siste månadene på å diskutera sentrale universitetspolitiske spørsmål. Det som primært samlar oss som rektorat er sterkt engasjement for universitetet si heilt sentrale rolle i samfunnet, og eit ønskje om å verna om universitetet sine grunnleggande verdiar i ei tid der dei er under press, nasjonalt og internasjonalt. Dette ligg til grunn for vår leiingsmodell og -filosofi.

Universiteta har ei unik rolle i samfunnet. Vi forvaltar og utviklar uavhengig kunnskap. At forskinga er uavhengig, er heilt grunnleggande for samfunnsutviklinga og for kvaliteten og tilliten til kunnskapen vi skaper. Akademisk fridom kombinert med god, fagleg leiing av institusjonane, tufta på viktige universitetspolitiske verdiar og forståing av universitetet si rolle i eit samfunn i endring, er den beste måten å sikra dette på.

Team Hagen går sterkt inn for universitetsdemokratiet. Eit vald rektorat hentar legitimiteten sin frå veljarane, frå kollegaene og studentane. Oppgåva for eit rektorat handlar om å leggja til rette for gode strategiske og demokratiske prosessar i organisasjonen, og arbeida for at institusjonen får gode rammer og vert styrkt. Dei mange vegvala og prosessane vert utvikla i samarbeid med fagmiljøa og vert gjennomført av ein kompetent administrasjon med god forståing av faglege mål.

Vald rektor inneber at institusjonen vert styrt av eit rektorat i samspel med ein godt kvalifisert administrasjon med universitetsdirektøren i spissen. Dette gjer rektoratet sterkare fordi det på denne måten kan konsentrera seg nettopp om fagleg leiing og den faglege utviklinga av den fulle breidda av fag som er på ein institusjon som Universitetet i Bergen.

Ei valplattform er ein lovnad. Den er ikkje uttømmande, den skildrar ikkje alle delar av institusjonen og alle aktivitetane som føregår på UiB. Nokre av tiltaka er konkrete, andre er overordna. Plattforma syner først og fremst ei universitetspolitisk retning. Vi gler oss til å utdjupa løfta i plattforma i møte med dykk i ein valkamp.

Eit forskingsintensivt breiddeuniversitet

Universitetet i Bergen er eit forskingsintensivt breiddeuniversitet. Langsiktig arbeid, kvalitet, openheit, fri kritisk tenking og tillit til arbeidet i fagmiljøa og fakulteta er grunnleggande verdiar i valprogrammet vårt.

Vi vil arbeida for eit ambisiøst UiB – kjenneteikna av sterk forsking og forskingsbasert utdanning i alle fagmiljø. Vi vil vera tydelege forsvararar av akademisk fridom og demokrati, opne meiningsbrytingar og fagleg sjølvstende. Vi vil arbeida for gode vilkår for å løysa kjerneoppgåvene til universitetet.

Universitetet i Bergen er eit forskingsuniversitet med lange vitskaplege tradisjonar, med ansvar for å forvalta vårt nasjonale minne og eit breitt spekter av fagområde. Framifrå forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid og framtidsretta utdanningar kjenneteiknar vårt universitet. Vi skal arbeida vidare for å styrkja ein stolt UiB-identitet og eit sterkt fellesskap mellom studentar og tilsette.

Vi vil vidareføra dagens styringsmodell med vald rektor. Ein vald rektor hentar legitimiteten sin frå kollegaer og studentar, og står til ansvar overfor dei. Vi vil vidareføra ordninga med at fakulteta sjølv vel rekrutteringsform for instituttleiarar og dekanar.

Det nasjonale universitetslandskapet er i endring, og vi meiner det er avgjerande at UiB styrkjer si rolle som eit sterkt, breitt forskningsuniversitet. Vi vil i dette arbeidet prioritera kvalitet på alle nivå og område, og stå stødig i alle vegval der universitetet sine kjerneverdiar står på spel.

Vi trur på ei nasjonal arbeidsdeling mellom institusjonar som tilbyr høgare utdanning. I det store mangfaldet av utdanningsinstitusjonar, vil vi arbeida for å sikra og fremja dei forskingsintensive breiddeuniversiteta sitt særlige samfunnsoppdrag.

Vi står for ein heilskapleg personalpolitikk som gjev gode høve til fagleg utvikling for alle. Vi meiner at nøkkelen til kvalitet ligg i eit godt samspel i og mellom fagmiljøa, god samhandling mellom administrative og vitskapleg tilsette, og mellom dei ulike styringsnivåa på universitetet.

Samfunnsrolla til universiteta er omfattande og djuptgripande. Vårt universitet bidrar med nybrotsarbeid og grensesprengande forsking, vi utdannar fremtidas arbeidskraft og bidrar med kunnskap for å løysa sentrale samfunnsutfordringar. Gjennom utdanning, uavhengig forsking og kunnskapsformidling har universitetet ei demokratisk nøkkelrolle. Dette er ei rolle vårt rektorat vil forvalta med stort alvor og aktsemd. Det er også eit ansvar vi alle – tilsette og studentar – må ta på oss.

Arbeidet med korleis vi skal forvalta dette ansvaret startar no. I 2021 byrjar arbeidet med å meisla ut ein ny strategi for Universitetet i Bergen. Vi vil inkludera alle delar av universitetet i dette arbeidet. Arbeidet med ein ny strategiplan vil ta utgangspunkt i erfaringer som er gjort, og vera prega av grundige analysar, brei deltaking og openheit.

Langsiktig og framifrå forsking

UiB skal vera ein definerande kunnskapspolitisk institusjon som påverkar dei nasjonale prosessane der forskningspolitikken vert utvikla. Vi vil bidra aktivt til å forma den nasjonale kunnskapspolitikken, i første omgang med klare innspel til den komande langstidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Vi vil arbeida politisk for auka ressursar til grunnforsking, og arbeida systematisk for å sikra gode vilkår for forskinga i heile breidda av fagmiljø. Vi vil også arbeida for at forsking innan samfunnsvitskap, humaniora og juss i større grad blir verdsett og integrert i Forskingsrådet sin strategi og satsingar. Samstundes vil vi styrka det faglege, strategiske og administrative støtteapparatet for søknadsarbeid mot Forskingsrådet og Det europeiske rammeprogrammet.

Forskinga ved Universitetet i Bergen skal kjenneteiknast av høg kvalitet, tillit til fagmiljøa, openheit mot omverda og respekt for forskingas uavhengigheit. Uavhengig forsking av høg kvalitet krev gode rammevilkår og langsiktig satsing.

Det er fagmiljøa som sikrar fagleg kvalitet. Vi må ha respekt for eigenarten og behova til dei ulike faga, og UiBs faglege breidde er her eit viktig fortrinn både nasjonalt og internasjonalt.

Dei vitskapleg tilsette si forskingstid er grunnleggande viktig. I arbeidet med å skjerma forskingstida til dei vitskapleg tilsette vil vi bygga på kunnskapsgrunnlaget frå prosjektet UiB FRAM.

Vi vil vera på vakt mot ei snever og instrumentell forståing av forskingas verdi og samfunnsbetydning. Som breiddeuniversitet er vi opptekne av å forvalta ei vitskapsforståing som femner alle fagmiljø. Derfor er det viktig at forskinga utvidar kunnskapsgrensene også der ein ikkje ser umiddelbar nytteverdi.

Det er vesentlig å legga til rette for tverrfagleg forsking og samarbeid på tvers av fakulteta. Dei tre satsingsområda til UiB og dei mange sentera fremjer tverrfagleg samarbeid. Denne dynamiske og fleksible organisasjonsmodellen er ein styrke for UiB, og gjer oss synlege for omverda. For å videreutvikla denne organisasjonsmoddelen, vil vi evaluera organiseringa av satsingsområda. Vi vil sjå nærare på korleis forsking innan samfunnsvitskap, humaniora og juss kan finne sin rettmessige plass innanfor satsingsområda. Vi vil evaluere og byggja vidare på UiBs tverrfakultære Humaniora-strategi.

Arbeidsvilkåra og karriereløpa ved universitetet kan vera utfordrande, med stor konkurranse og mange år med uvisse for den enkelte. Ei rekrutteringsstilling ved UiB skal gje gode føresetnader for å kunna konkurrera om vitskaplege stillingar. Samstundes er det viktig å ta omsyn til at mange stipendiatar vil få eit arbeidsliv utanfor universitetet.

UiB har nyleg utvikla ein politikk for å styrka stillinga til yngre forskarar, og vi vil fortsetja arbeidet med å sikre gode vilkår for denne gruppaVi vil syta for systematisk oppfølgjing og karriererådgjeving for rekrutteringsstillingane, og vil arbeida politisk for at særnorsk lovverk ikkje er til hinder for karriereutviklinga til unge forskarar i ein stadig meir internasjonal arbeidsmarknad.

Universitetet sitt arbeid med forskingsetikk bør styrkast. Forskingmetodar er under stadig utvikling, rammevilkår endrar seg og skaper nye etiske utfordringar. Vi vil derfor gå gjennom UiB si organisering av arbeidet med forskingsetikk og forskingintegritet. Mellom anna vil vi sørga for at forskingsetiske problemstillingar i sterkare grad vert tema ved nyrekruttering.

Kunnskapsformidling i det digitaliserte samfunnet

Digitale kommunikasjonsplattformer har skapt nye arenaer for distribusjon av falske nyhende og konspirasjonsteoriar som set tilliten og truverdet til vitskapen på prøve. Det er difor viktigare enn nokon gong at universitetet har ein aktiv politikk for kunnskapsformidling retta mot ålmenta, samt at vi styrkjer kompetansen på vitskapskommunikasjon.

Vi vil oppmuntra både forskarar og studentar til å vera aktive i det offentlige rom gjennom bruk av universitetet sine samla kommunikasjonsressursar. Vi vil vidareutvikla Universitetsmuséet og Universitetsbiblioteket som arena for kunnskapsformidling. Vi vil styrke UiB sin infrastruktur for produksjon og formidling av faglege aktivitetar på campus.

Forskinga blir stadig meir open og digitalt tilgjengeleg. UiB må vera ein tydeleg deltakar i denne utviklinga. Open publisering byr både på utfordringar og moglegheiter. Vi vil arbeida for ein fornuftig økonomi i forlagsavtalane, gode vilkår og tilgang for tilsette og studentar, samstundes som forskarane sine behov og rettar vert ivaretekne. Vidare vil vi samarbeida nasjonalt og internasjonalt for å leggja til rette for datadeling, og sørga for naudsynt støtte til digital forskingsinfrastruktur. Vi vil styrka kompetansen om digitale formidlingsverktøy og om moglegheitene som ligg i den opne vitskapen.

Universitetet i Bergen er tufta på lange akademiske tradisjonar. Vi vil løfta vår institusjonshistorie gjennom nye formidlingsformer for å styrka UiB-identiteten og kjensla av å høyra til i ein større fellesskap, ikkje minst blant studentar og alumni.

Innovasjon på universitetet sine premiss

UiB si forsking er grunnlag for innovasjon og nyskaping – regionalt, nasjonalt og internasjonalt. UiB har styrka innsatsen for innovasjon, og har gjennom dette bidratt til ei utvida forståing av kva innovasjon er. Kunnskapsklyngene, sentra for forskingsdriven innovasjon, studentinnovasjon og samarbeid med instituttsektoren, offentleg sektor og næringsliv, er viktige arenaer for å vidareutvikla innovasjonsarbeidet.

UiB skal ta ei leiande rolle med å utvikla innovasjonsoppdraget i akademia. For å lukkast med det, vil vi løfta og fremja innovasjonsarbeidet som vert utført ved alle fakultet ved UiB, og rammevilkåra for innovasjon skal betrast. Universiteta sitt innovasjonsarbeid må baserast på akademisk fridom og uavhengig forsking. Ved UiB vil vi utnytte kunnskapen ved våre nye sentra for forskingsdriven innovasjon til å fremme innovasjonsarbeid på tvers av fakulteta.

Vi vil styrka arbeidet med studentinnovasjon og studententreprenørskap, og gjera ordningane UiB har på området betre kjent i fagmiljøa. Vi vil bygge videre på innovasjonsprogrammet UiB idé, slik at det blir enklare å utvikla idéar til entreprenørskap.

Utdanning – deltaking og ansvar

Studentar ved UiB skal merka at dei får utdanning ved eit forskingsuniversitet. Dette oppnår vi ved at studentane vert integrerte i fagmiljøa. Ved at dei vert underviste av aktive forskarar, får presentert kunnskap basert på ny forsking, utviklar dei si kritiske tenking, sine analytiske dugleikar og si teoriforståing.

Studentane som kjem til UiB skal òg møta eit universitet og ei utdanning som styrkjer deira evner til samarbeid, kommunikasjon, meiningsbryting, etisk refleksjon og kreativitet. Vi vil fremja studentaktive og nyskapande lærings- og vurderingsformer, prega av god fagleg rettleiing og interaksjon mellom undervisarar og studentar. Vi ønskjer òg at studentane meir aktivt skal inviterast inn i forsking og kunnskapsutvikling. Derfor vil vi etablera ordningar der studentar i større grad vert tilsette som læringsassistentar, seminarleiarar, mentorar og orakel.

Vi legg stor vekt på samarbeid med studentar og studentorganisasjonane, og vil leggja til rette for studentmedverknad i alle demokratiske organ. Derfor vil vi etablera eit utviklingsprosjekt der vi i dialog med studentane lagar ein plan for korleis UiB kan styrka og utvida studentdemokratiet. Eit første tiltak er at vi vil involvera leiar av studentparlamentet i rektor si leiargruppe.

Vårt mål er at kandidatar utdanna frå UiB skal være føretrekte i arbeidslivet. Ei utdanning frå Universitetet i Bergen skal gje det beste grunnlaget for å læra heile livet, til nytte i eit yrkesliv som vil bli prega av stadig endring, og for å få eit godt liv. Fagleg tyngde, læringslyst og kreativitet er grunnleggjande for eit fremtidsretta samfunn og eit berekraftig og innovativt arbeids- og næringsliv.

Derfor vil vi videreutvikla praksistilbod og samarbeidsformer med arbeidslivet i nært samarbeid med fagmiljøa, samtidig som vi vil utfordra ein snever definisjon av arbeidslivsrelevans. Samarbeid med næringslivet i regionen og bruk av kunnskapsklyngene for å kopla studentar og arbeidsliv vil stå sentralt i dette arbeidet.

Digital kompetanse med grunnleggjande forståing av kunstig intelligens og informasjonstryggleik er avgjerande for å lukkast i eit arbeids- og samfunnsliv som er i stadig endring. Vi vil derfor at alle studentar ved UiB skal få tilbod om opplæring i grunnleggjande digitale ferdigheiter tilpassa sitt eige fagområde, og få forståing for korleis aukande digitalisering og nye teknologiar grip inn i liva og samfunnsstrukturane våre.

Den faglege breidda er ein vesentleg kvalitet ved UiB, og vi vil forsvara universitetsutdanningar innan eit breitt spekter av både disiplinar og profesjonarMen vi vil også arbeida for å gje større valfridom for studenter som ønskjer å kombinera emne frå ulike fag, studieprogram og fakultet i utdanninga si. På denne måten kan vi skapa meir fleksible og tverrfaglege utdanningar. Vi vil arbeida for å sikra mangfaldig rekruttering til utdanningane, og vi støttar kravet om auka studiestøtte for å sikra lik tilgang til utdanning for alle.

Under den nasjonale pandemien har digitale verktøy og digital kommunikasjon vore ein styrke. Samtidig erkjenner vi tydelegare verdien av sosiale band og det sosiale arbeidsfellesskapet. Vi vert forma i samhandling med andre. Eit godt universitet overraskar og gjev mestringskjensle gjennom deltaking. Framtida er ikkje heildigital – det må tilbyast ei fagleg fundert blanding av læringsverktøy, læringsformer og undervisningsmåtar, både i digitale og i fysiske romVi vil prioritera universitetspedagogisk kompetanse og utvikling av læringslaben i dette arbeidet.

Fagmiljøa skal sjølv ha ei aktiv og definerande rolle i arbeidet med studiekvalitet, men vårt rektorat vil engasjera seg sterkt i det nasjonale arbeidet med utdanningskvalitet.

Vi er sterke tilhengjarar av det fysiske universitetet, med alle sine bygningar, med moderne læringsrom, lesesalar – og åpne rom. Rom der forskarar og studentar kan møtast. Vi treng òg rom der studentar kan møta kvarandre, og vi skal sørga for gode arbeidslokale for studentorganisasjonane. Vi vil arbeida for at den lenge planlagte studentvillaen blir ein realitet, men vil av bygningstekniske grunnar òg måtta vurdera om andre alternativ kan gje tilfredsstillande løysingar. Vi vil dessutan bidra til at fadderveka får eit innhald med endå sterkare vekt på fellesskapet.

Livslang læring er ein del av universitetet sitt virke, og vi ønskjer å leggja til rette for fleksible etter- og videreutdanningstilbod.

Berekraft og det digitale samfunnet

Berekraftig utvikling

For oss er den grunnleggjande idéen i berekraftig utvikling at enkeltutfordringar må løysast i ein større samanheng. Berekraft handlar om samfunnsmessig og institusjonell evne til omstilling, men også om grunnleggjande forståing av kva det vi seia å vera menneskje i relasjon til naturmiljø.

Vårt rektorat vil løfta problemstillingar knytt til berekraftig utvikling i nasjonal og internasjonal forskingspolitikk. Vi vil fremja større forståing av forholdet mellom vitskap og politikk, og leggja til rette for tverrfagleg samarbeid i forsking og utdanningstilbod som adresserer berekraftig utvikling. Vi vil vidareutvikla den nasjonale berekraftkonferansen i Bergen, og bidra til sterkare synleggjering arbeidet som vert gjort med relevans for berekraft og berekraftig utvikling.

Vi vil arbeida for at UiB skal ha ei miljøvenleg og berekraftig drift.

Teknologi og digitalisering

Samfunn og arbeidsliv gjennomgår ein digital transformasjon. Digitalisering gjev både fantastiske moglegheiter og etiske utfordringar. Digital kommunikasjon påverkar offentleg debatt og demokratiet, digitale verktøy endrar forskings- og undervisningsmetodar. Digitalisering står sentralt i kunnskapsformidling, kunnskapsdeling og i arbeidet med open vitskap. Vi har eit ansvar for å forstå, definera og bidra til denne utviklinga.

Vi vil arbeida for å synleggjera den breie forskinga på IKT og andre teknologiar som føregår på ulike fakultet, samt å bidra til ei betre koordinering og tilrettelegging av tverrfagleg forsking som involverer desse teknologiane. I dette arbeidet vil vi leggja til rette for at perspektiv frå humaniora, juss, samfunnsvitskaplege og kunstnariske fag i sterkare grad vert trukke i denne tverrfaglege forskinga.

Internasjonalt engasjement og kunnskapsbyen Bergen

UiB er eit universitet midt i Norges nest største by, og er Vestlandets viktigaste kunnskapsinstitusjon. Vi vil at UiB skal vera ein initiativrik og utoverretta institusjon, og ein kunnskapsallmenning for heile regionen. Vi vil derfor styrka UiB si regionale rolle. UiB har solide ressursar og samarbeidsrelasjonar, mange kunnskapsklynger og eit godt rammeverk som grunnlag for dette arbeidet.

UiB skal være et nav i kunnskapsbyen Bergen. Under fana Kunnskapsbyen Bergen vil vi saman med andre kunnskapsinstitusjonar, det offentlege og næringslivet arbeida målretta for å markera Bergen som ein internasjonal kunnskaps- og kulturregion. Vi vil utvikla møteplassar og løysingar som gjer det lettare for interessegrupper, næringsliv og offentleg sektor å komme i kontakt med fagmiljø og studentar ved UiB.

UiB skal samarbeida med andre utdanningsinstitusjonar. Vestlandslegen og samarbeidet med HVL er gode døme på fruktbart samarbeid. Kunst- og kulturfaga har eit stort potensial for fagleg samarbeid med regionale institusjonar, og vil bli oppmoda om å undersøkja grunnlaget for slikt samarbeid.

UiB har lange tradisjonar for internasjonalt engasjement og eit stort tal tilsette med internasjonal bakgrunn. UiB sine mange globale nettverk og partnarskap er ein viktig ressurs. Internasjonalisering gjennom rekruttering, forskingssamarbeid og student- og forskarmobilitet styrkjer universitetet.

I møte med klimautfordringar og restriksjonar i kjølvatnet av pandemien bør vi tenkja annleis om globalt samarbeid. Digitale samarbeidsformer gjev nye moglegheiter. Digitale møte kan ikkje vera fullgode erstattarar for verkelege forflytningar og møte, men vi vil prioritera arbeidet med å utvikla digitale møteplassar for å styrka den globale samtalen. UiB sin berekraftskonferanse er eit godt og inspirerande døme på kva vi kan få til på dette området.

Ein attraktiv arbeidsplass

UiB skal vera ein attraktiv arbeidsplass og arbeidsgjevar. Arbeids- og studiemiljø skal pregast av universitetet sine grunnverdier: kvalitet, akademisk fridom, samspel, tillit, toleranse, involvering, langsiktig tenking, redeleg åtferd og etterrettelegheit.

Vi vil arbeida for ein meir heilskapleg arbeidsgjevar- og lønspolitikk, på tvers av fakultet og avdelingar, og har som mål at universitetstilsette som gruppe skal ha minst den same lønsutviklinga som det øvrige samfunnet.

For alle tilsette er det viktig å ha ein føremålstenleg og god arbeidsplass. Innan dei rammene statlige føringer set, vil vi leggja stor vekt på synspunkta til dei tilsette når det gjeld utforming av arbeidsplassar, inkludert val mellom eige kontor og opne løysingar.

Universitetet skal vera kjenneteikna av stimulerande, kompetent og inkluderande leiarskap. Vi vil satsa vidare på god leiaropplæring og -utvikling, og fora for erfaringsutveksling blant leiarar, også på tvers av fagleg og administrativ leiing. Vi meiner også at hospitering mellom dei administrative nivåa og mellom avdelingar kan ha stor verdi for fagleg utvikling og styrking av kompetanse.

Arbeidsoppgåvene for tekniske og administrative tilsette er i stadig utvikling. Det same gjeld samarbeid og samarbeidsformer mellom dei teknisk, administrativt og vitskapleg tilsette. Dette tilseier at samhandling i fagmiljøa og mellom avdelingar bør få stor merksemd. Vi vil fremja ein organisasjons- og arbeidskultur der samarbeid om faglege mål står i fokus, og der dei ulike kompetansane i fagmiljøa tydeleg vert verdsett og anerkjent. UiB skal ha høg fagleg kompetanse i arbeidsmiljøspørsmål.

Dei administrativt og vitskapleg tilsette skal utfordra og utvikla kvarandre. UiB er ein sterk kunnskapsinstitusjon, med nyskapande arbeidsformer, forsking og undervisningsformer i stadig utvikling. Dei neste åra vil visa kor viktig det er at kunnskapsinstitusjonar har ein fleksibel organisasjon som legg til rette for godt samarbeid og kompetansedeling mellom vitskapleg, administrativt og teknisk tilsette. Samansetjing av kompetansegrupper i avdelingar og fagmiljø bidrar også til å utvikla god rolleforståing, og fører til større verdsetjing av eit mangfald av kompetansar.

Vi vil fremja ein organisasjons- og arbeidskultur der samarbeid om faglege mål står i fokus, og der dei ulike kompetansane i fagmiljøa vert verdsett og anerkjent. Karriereutvikling og gode utviklingshøve i alle stillingar er svært viktig. Vi vil ha ei sterkare satsing på kompetanseutvikling for administrativt og teknisk tilsette. Organisasjon og leiing på alle nivå må leggja til rette for at alle får høve til å utvikla kompetansen sin, og ta ansvar for at kompetanseutvikling regelmessig vert teke opp medarbeidersamtalar.

Vi vil arbeida for at fagmiljøa har tilgang til tilstrekkeleg teknisk og administrativ støtte for å kunne utføra forsking, utdanning og formidling av høg kvalitet. Vi vil rekruttera forskarar på internasjonalt toppnivå, samtidig som våre utlysingar ikkje skal eksludera nyutdanna forskarar til eigna stillingar. Arbeidet med å gjera situasjonen for yngre forskarar og doktorgradskandidatar meir føreseieleg, står i ei særstilling, og dette vil vi gjera gjennom systematisk oppfølging og karriererådgjeving.

Vi vil arbeida for større kulturelt mangfald både blant studentar og tilsette. I rekrutteringsarbeidet vil vi intensivera arbeidet med likestilling og mangfald. Vi vil styrka det såkalla onboarding-tilbodet for internasjonalt rekrutterte tilsette, gjennom god informasjon om alle delar av universitetet si verksemd, tenester og regelverk.