Università degli Studi di Verona og Det humanistiske fakultet (ERASMUS+ - Languages)
- LandItalia
- ByVerona
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogramma i språkfag, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor framandspråklege disiplinar.
Du skal ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling.
Når i studiet kan eg reise
Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon og råd om når i studiet det passar best å reise ut.
Språk
Undervisningsspråket ved universitetet er italiensk og engelsk.
Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.
Kva emne kan eg ta
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå.
Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Universitetet i Verona blei grunnlagt i 1982. Det fins om lag 22 000 studentar fordelt på 12 fakultet.
Verona er ein by i provinsen Veneto Italia med over 240 000 innbyggarar. Verona eit stort kultursenter med sine mange museer, kunstsamlingar og bibliotek. Byen er mest kjent for staden der Shakespeare sin Romeo og Julie utspiller seg. Dessutan er byen kjent for sitt store romerske amfiteater.
Bustad
Utvekslingsstudentar ved Universitetet i Verona kan søke om studentbustad i ESU Halls of Residence, men må elles finne bustad på den private leigemarknaden i byen. Det internasjonale kontoret kan hjelpe med å finne bustad.
Semesterinndeling
September - februar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.univr.it/
- Korleis søkeRettleiing om søknadsprosess
- Kode8028
- FagnavnSpråkfag