Beijing Foreign Studies University og Det humanistiske fakultet (BILATERAL)
- LandKina
- ByBeijing
- Studieplassar5
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeBilateral
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen er meint for studentar som studerer kinesisk. Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minst 60 studiepoeng. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i perioden du er på utveksling.
Studentar med kinesisk statsborgarskap kan ikkje søke på avtalen.
Når i studiet kan eg reise
Bachelorstudentar i kinesisk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste to semestera av bachelorprogrammet. Ta kontakt med studierettleiar for å planlegge tidspunkt for utveksling.
Språk
Undervisningsspråket ved universitetet er kinesisk, men universitetet tilbyr òg enkelte emne med engelsk undervisningsspråk.
Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på i forkant. Sjå uib.no for meir informasjon om språkkurs og språktandem. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.
Kva emne kan eg ta
Dersom du skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden, kan du velje emne fritt innanfor humanistiske fag. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.
Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.
BFSU er Kinas fremste universitet innanfor språkstudium, og tilbyr undervisning i 76 ulike språk. Universitetet tilbyr i tillegg emne innanfor mellom anna journalistikk, jus, diplomati, politikk og «business administration». Sjå nettsidene til BFSU for meir informasjon.
Studieavgift
Avtalen med BFSU inneber gjensidig utveksling av 5 studentar i eitt til to semester kvart år, med fritak for studieavgift.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Beijing Foreign Studies University (BFSU) er eitt av dei eldste universiteta i Kina og eit høgt rangert universitet. BFSU tilbyr undervisning i 76 ulike språk. I tillegg vert det undervist mellom anna i internasjonale relasjonar, politikk og juss. Universitetet har opp gjennom åra utdanna mange diplomatar, og er kjent som ¿Cradle of Diplomats¿. Universitetet har i overkant av 7000 gradsstudentar og nærare 1500 internasjonale studentar. Universitetet ligg i Haidian-distriktet sentralt i Beijing, og campus er delt mellom ¿the West Campus» og «the East Campus».
Beijing har om lag 20 millionar innbyggarar og er Kinas politiske og kulturelle sentrum. I Beijing kan du besøke ei rekke viktige kulturminne. Mest kjende er Den himmelske freds plass, Den forbudte by og Sommarpalasset. Like utanfor Beijing kan du besøke Den kinesiske mur.
Bustad
Universitetet tilbyr bustadar for internasjonale studentar på campus. Det er òg mogeleg å finne bustad utanfor campusområdet på eigenhand.
Semesterinndeling
September - januar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://global.bfsu.edu.cn/en/
- Korleis søkeRettleiing om søknadsprosess
- Kode8130
- FagnavnHumanistiske fag
