Hjem
Studentsider
erasmus+uk

Royal Conservatoire of Scotland og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+UK)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByGlasgow
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk.

For meir informasjon, sjå: https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at bachelorstudentane reiser ut heile studieåret, altså både i haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Royal Conservatoire of Scotland (RCS) ligg i Glasgow og tilbyr utdanning innan musikk, drama, dans, produksjon og film. Med røter tilbake til 1800-talet, vart institusjonen oppretta som ein del av Glasgow Athaena i 1847. RCS er ein internajsonalt anerkjend utdanningsinstitusjon, og er rangert som ein av dei beste i verda innan sitt fagområde (QS World University Rankings). Kvart år ønsker dei studentar frå over 50 nasjonar velkomne. Her har School og Music utdanna utøvarar innan mange musikkområde i over 170 år!

Glasgow er, med om lag 600 000 innbyggarar, den største byen i Skottland og tredje største i Storbritannia. Byen er kjend for å vere ein av verdas venlegaste og har ein livleg energi med fleire enn 130 000 studentar. Glasgow er ein stor by for musikk og det vert arrangert mange konsertar og festivalar her kvar veke. Her er du aldri langt frå landsbygda, og vakre Lock Lomon ligg under ein time med kollektiv transport frå byen.

Informasjon