Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Jyväskylä og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandFinland
  • ByJyväskylä
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for økonomi kan søke.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling i 4. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utvekslinga i 4. semester.

Masterstudentar blir råda til å reise ut i sitt 2. semester, når ein kan ta valemne på masternivå i samfunnsøkonomi.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk og finsk. Universitetet tilrår at du har språkkunnskapar tilsvarande B2-nivå (CEFR) i engelsk.

Kva emne kan eg ta

I utgangspunktet skal du studera økonomi, men det kan og vere mogleg å ta andre emne under opphalde. På denne nettsida finn du ein oversikt over kva emnar Universitetet i Jyväskylä tilbyr.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet ligg i sentralt i Finland, med hovudcampus i sentrum av Jyväskylä, 270 kilometer nord for Helsinki. Det er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 15 000 studentar, som særskilt satsar på naturvitskap og humaniora. Universitetet har røter tilbake til den første finskspråklege lærarskulen, som blei stifta i 1863. Det har eit relativt stort fagtilbod på engelsk.

Jyväskylä blei grunnlagd i 1837 av tsar Nikolaj I. I dag har byen om lag 130 000 innbyggarar og det ligg heile 328 innsjøar innom kommunegrensa. Området er kjent for rike arkeologiske funn frå steinalderen, og for å vere den byen i verda som har flest bygningar teikna av den verdskjende finske funkisarkitekten Alvar Aalto. Jyväskylä er vertsby for Rally Finland, som kvart år samlar ein halv million publikummarar.

Bustad

Universitetet samarbeider med fleire lokale studentvelferdsorganisasjonar om å tilby bustader for internasjonale studentar. Søknadsprosessen foregår via internett. Det er viktig å søke innan fristen og kapasiteten kan vere knapp. Det kan vere stort press på den private marknaden, særskilt ved byrjinga av haustsemesteret.

Semesterinndeling

September - desember og januar - mai.

Informasjon