Hjem
Studentsider
erasmus+

École Supérieure d'Art d'Aix-en-Provence og Kunstakademiet ¿ Institutt for samtidskunst (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByAix-en-Provence
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Det er berre mogeleg å søkje til Aix-en-Provence ein gong i året: Du må søkje i vårsemesteret (UiB-frist 1. februar) uansett om du ynskjer å dra ut på hausten, våren eller i eit heilt år.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

École Supérieure d'Art d'Aix-en-Provence er ein offentleg institusjon i Frankrike for kulturelt samarbeid, med høgare utdanning og forsking innan kunst. Undervisning ved denne lærestaden har vore ført vidare sidan opprettinga av teikneskulen ved Bourbon College i 1765. Ein tilbyr bachelor- og mastergrad i tverrfagleg opplæring innan kunst for 155 studentar. Meir enn 15 prosent av desse er internasjonale studentar. Skulen har fokus på formidling og promotering og har ekspertise innan samtidsskaping gjennom utstillingar, konferansar og symposium som også er opne for publikum.

Aix-en-Provence er ein kjend universitetsby og kommune sør i Frankrike. Byen ligg rundt 30 km nord for Marseille og har over 140 000 innbyggarar. Dette er også studiestaden til om lag 30 000 studentar. I denne byen står statuen av den kjende franske malaren Paul Cézanne, i tillegg til andre bygningar, museum og galleri som der er fint å utforske her.

Bustad

Studentar må belage seg på å finne bustad sjølve.

Semesterinndeling

september - januar

januar - juni

Informasjon