Facultés libres de l'Ouest, Université catholique de l'Ouest og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)
- LandFrankrike
- ByAngers
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar ved Institutt for samanliknande politikk, Institutt for politikk og forvaltning og Sosiologisk institutt kan søkja på denne avtalen. Søkar må ha avlaga minst 60 studiepoeng ved utreise.
Språk
Undervisningsspråk er fransk, og universitetet krev dokumentasjon på B1.2 nivå (CEFR). Studietilbodet på engelsk er veldig avgrensa. Utreisande studentar må kunne studere på fransk for å vurdere eit utvekslingsopphald ved dette universitetet.
Institusjonen tilbyr fransk språkkurs til utvekslingsstudentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.
Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå denne nettsida for informasjon om språkkurs.
Kva emne kan eg ta
På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet ved universitetet. Kvart emne utgjer som regel 2 eller 5 ECTS. Studietilbodet på engelsk er veldig avgrensa. Utreisande studentar må kunne studere på fransk for å vurdere eit utvekslingsopphald ved dette universitetet.Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.uco.fr/fr
- Korleis søkeRettleiing om søknadsprosess
- Kode9850
- FagnavnSamanliknande politikk