Meiji University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)
- LandJapan
- ByTokyo
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeBilateral
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen er open for alle studentar ved UiB, men ein føresetnad er at ein finn emne som kan godkjennast i graden.
Generelt sett anbefaler ein ikkje utveksling til Japan i det siste semesteret av graden, ettersom semestera der er forskyve i forhold til dei norske. Karakterutskrift frå eit utvekslingsopphald i Japan i vårsemesteret vil ikkje vera klart før i august/september, og gradsvitnemålet frå UiB vil difor verte forseinka.
Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. I tillegg må du ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling. Meiji krev ikkje noko spesielt karaktersnitt, utover at ein bør vera i "good academic standing".
Når i studiet kan eg reise
Ta kontakt med studierettleiar ved instituttet ditt for informasjon om når det kan passe å reise på utveksling.
Språk
Meiji har undervisning både på japansk og engelsk.
Dersom ein ønsker seg til School of Business Administration eller til ein av Graduate Schools (masternivå) må ein dokumentere engelskkunnskapar ved å ta ein test i løpet av søknadsprosessen.
Skal ein studere ved eitt av dei følgande fakulteta, treng ein ikkje dokumentere engelsknivået sitt:
(Undergraduate) School of Political Science and Economics
(Undergraduate) School of Arts and Letters
(Undergraduate) School of Global Japanese Studies
Kva emne kan eg ta
Meiji University tilbyr engelskspråklege emne på lågare nivå ved desse fakulteta:
- School of Political Science and Economics
- School of Arts and Letters
- School of Business Administration
- School of Global Japanese Studies
På høgara nivå har dei undervisning på engelsk på følgande fakultet:
- Graduate School of Business Administration
- Graduate School of Science and Technology, International Program in Architecture and Urban Design
- Graduate School of Global Governance
- Graduate School of Governance Studies
- Graduate School of Global Business
I tillegg har dei Japanese Language Program, som i hovudsak er eit språkkurs, men som òg inkluderer temaførelesingar om japansk samfunn, kultur, litteratur, historie, livsstil og lingvistikk. Studentar må ta ein språkleg placement test i byrjinga av opphaldet for å få avgjort kva emne ein kan velje mellom.
Eit fulltidsstudium ved dette universitetet utgjer 15 lokale credits per semester
Studieavgift
UiB har ein utvekslingsavtale med Meiji University som inneber at vi kan få inntil seks semesters friplassar kvart år, forutsett at dei òg sender studentar til oss.
Alle innreisande studentar til Meiji må kjøpe to ulike forsikringar: National Health Insurance by Japanese government (JPY15,000/year) and Meiji University Student Health Insurance (JPY 3,000). (Beløpa er frå 2025)
Den nasjonale Panoramastrategien (2021-2027) inneber eit ekstrastipend til studentar som reiser på utveksling til Japan, Brasil, India, Kina, Sør-Afrika eller Sør-Korea. Les meir om dette på Lånekassen sine nettsider.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Meiji University blei grunnlagt i 1881 som Meiji Law School. Grunnleggarane var ei gruppe unge juristar som var inspirert av tidsanda og ei trong til å utvikle Japan til ein moderne og sjølvstendig nasjon. Det private universitetet er i dag ranka blant dei beste universiteta i Japan, og har 10 fakultet (eller 'schools') på lågare nivå og 16 på master- og profesjonsnivå.
Hovudcampus er Surugadai Campus, men universitetet består også av campusane Izumi, Ikuta og Nakano.
Tokyo er hovudstad i Japan og har meir enn 13 millionar innbyggarar. Det er ein fasinerande by som imponerer med sin tradisjonelle kultur og lidenskap for alt som er nytt.
Bustad
Ein kan søke om studentbustad gjennom universitetet.
Semesterinndeling
Semesterinndelinga følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, og vårsemester går frå byrjinga av april til slutten av juli, medan haustsemesteret går frå september til februar.
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.meiji.ac.jp/cip/english/about/generalinformation.html
- Korleis søkeRettleiing om søknadsprosess
- KodeIkkje søkbar
- FagnavnAlle fag