Hjem
Studentsider
erasmus+

LAB University of Applied Sciences og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandFinland
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogrammet i design. For bachelorstudentar er det eit krav at ein må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet i Lahti har omlag 8500 studentar og er eit av dei største universiteta i Finland. I slutten av 2019 vart universitetet i Lahti og universitet i Saimaa samanslått og det vart etablert ein heilt ny institusjon; the LAB University of Applied Sciences. LAB starta drifta si 1. januar 2020. Universitetet tilbyr ei rekke ulike bachelor- og mastargrader i mellom anna i design, business og teknologi.

Lahti er ein by og ein kommune i landskapet Päijänne-Tavastland i Finland. Byen har omkring 120 000 innbyggarar. Lahti er ein kjent vintersportsby og har blant anna arrangert ski-VM fleire gonger. Byen ligg i ei bukt i den sørlege enden av innsjøen Vesijärvi, ca.100 kilometer nordaust for hovudstaden Helsinki. Lahti har ei rekke utdanningsinstitusjonar, teater, opera og kunstmuseum.

Informasjon