Hjem
Studentsider
bilateral

Universität Zürich og Det psykologiske fakultet (BILATERAL)

  • LandSveits
  • ByZürich
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av studieprogrammet dei går på, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. valsemester (B-kull) og i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er tysk og engelsk.

Språkkrav: B2 (engelsk)

Dersom du ikkje har nok engeskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på i forkant av utvekslingsopphaldet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som finst og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Det er og mogeleg å reise ut i ditt 5. valsemester (B-kull), og velje valfrie emne.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet på engelsk ved universitetet er presentert her:

UZH Course Catalogue - Home - UZH Course Catalogue

Psychology - Mobility Incoming at the UZH | Department of Psychology | UZHstudentservices.uzh.ch/uzh/anonym/vvz/index.html

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betaler semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Zürich blei grunnlagt i 1833 og er det største universitetet i Sveits med rundt 26 500 studentar fordelte på sju fakultet og fire campusar som ligg i Zürich og omegn. Universitetet samarbeider nært med det polytekniske universitetet ETHZ som òg har base i byen. Universitetet har særskilt sterke forskingsmiljø innan fysikk, kjemi og medisin og har 12 nobelprisvinnarar i folden. Blant desse er både Wilhelm Conrad Röntgen og Albert Einstein.

Zürich er den største byen og det viktigaste kommersielle senteret i Sveits. Byen har rundt 400 000 innbyggarar og ligg vakkert til nord i landet ved Zurichsjøen. Han har høg levestandard og dannar eit godt utgangspunkt både for naturopplevingar og storbyliv.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men har eit bustadkontor i fellesskap med Eidgenössische Technische Hochschule Zürich som kan hjelpe i leiteprosessen. Det finst òg uavhengige studentforeiningar i byen som driv med bustadformidling.

Semesterinndeling

August - januar og februar - juli.

Informasjon