Hjem
Studentsider
bilateral

East China University of Political Science and Law og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 3. studieår)

  • LandKina
  • ByShanghai
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på tredje studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til studier ved ECUPL må ein ha eit karaktersnitt på minst C eller betre.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Det vanlege undervisningsspråket er kinesisk, men dei har ei rekke kurs som blir undervist på engelsk, slik at du treng ikkje å kunne kinesisk for å utveksle til ECUPL. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godkjente som valemne på 3. studieår.

ECUPL tilbyr juridiske emne som blir underviste på engelsk.

ECUPL nyttar eit grads- og creditsystem der xx kinesiske credits tilsvarar 30 norske studiepoeng.

Fordi Kina ikkje har eit einskapleg nasjonalt grads- og creditsystem, varierer det frå universitet til universitet kor mange credits fakultetet vurderer at tilsvarar 30 norske studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.

Studieavgift

Studentar som reiser gjennom denne avtalen betaler ikkje skolepengar eller studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Sjølv om ein ikkje skal betale skolepengar så må ein betale medlemskap i den obligatoriske helseforsikringa ved universitetet som kostar 400 yuan for eitt semester. Det er ikkje mogleg å søke om fritak frå universitetets helseforsikring sjølv om norske studentar normalt vil vere godt dekka gjennom norske forsikringar for studentar i utlandet som vi uansett sterkt anbefaler at alle kjøper.

Studentar som utvekslar til Kina får eit tilleggstipend frå Lånekassen. For studieåret 25/26 er dette på kr 4493 per månad. Dette er fordi nasjonale politikarar ønskjer å motivere fleire norske studentar til å studere i land som Norge særleg ønskjer å samarbeide med når det gjeld forsking og høgare utdanning.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

East China University of Political Science and Law (ECUPL) blei grunnlagt i 1952 og er eit av dei leiande universiteta i Kina innan jus- og samfunnsvitskap. Universitetet har rundt 20 000 studentar og er kjend for sitt sterke fagmiljø innan rettsvitskap, økonomi og internasjonale studium. ECUPL har som mål å kombinere juridisk kompetanse med eit breiare samfunnsperspektiv, og tilbyr eit internasjonalt studie­miljø med studentar frå mange land. Universitetet har campusar både i Songjiang og Changning-distriktet i Shanghai.

Shanghai er ein av dei største byane i Kina og har over 24 millionar innbyggarar. Byen er eit økonomisk og kulturelt sentrum, der moderne skyskraparar møter historiske bydelar. Studentar i Shanghai vil oppleve ein dynamisk storby med eit rikt kulturliv, internasjonal atmosfære og gode moglegheiter for å utforske både kinesisk tradisjon og moderne utvikling.

Bustad

Utvekslingsstudentar kan få tilbod om studentbustad gjennom universitetet.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon