Pontifícia Universidade Católica do Rio de Janeiro og Universitetet i Bergen (BILATERAL)
- LandBrasil
- ByRio de Janeiro
- Studieplassar6
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeBilateral
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Alle UiB studentar kan søkje på denne avtalen, med unntak av studentar ved Det medisinske fakultet. Frå Fakultet for kunst, musikk og design, er det berre studentar på musikkvitskap og musikkterapi som kan søkje.
Når i studiet kan eg reise
Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet eller fakultetet du går på for meir informasjon og råd om utveksling, og når det passar best å reise ut.
Språk
Undervisningsspråket ved PUC-Rio er portugisisk og engelsk. Det finst eit utvalg av emner på engelsk, innanfor dei fleste fagområder. Alle utvekslingsstudentar må ta eit portugisisk språkkurs, sjølv om dei berre skal ta emner på engelsk.
Kva emne kan eg ta
PUC-Rio har eit studietilbod med nokre emner på engelsk innanfor dei fleste fagområde.
Studentar kan i utgangspunktet velje blant alle emne i emnetilbodet ved universitetet som dei er fagleg kvalifiserte for.
Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Det finnes informasjon om emer på denne nettsida: PUC-Rio - Incoming Students - Study in English at PUC-Rio
Studieavgift
Det er ingen studieavgifter for UiB-studentar som reiser ut gjennom denne avtalen, med alle må betale ei låg administrativ avgift.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Pontifical Catholic University of Rio de Janeiro (PUC-Rio) er et av Brasils ledende private universiteter, med vekt på forskning, innovasjon og internasjonalt samarbeid.
Universitetet har en moderne campus og ligger i det frodige Gávea-området ved foten av Tijuca-skogen. PUC-Rio er et breddeuniversitet og har blant annet emner innen samfunnsvitenskap, ingeniørfag, bedriftsøkonomi og humaniora. Det har et godt opplegg for utvekslingsstudenter med dedikerte støttetjenester og et pulserende campusliv.
Rio de Janeiro er i seg selv en av verdens mest ikoniske byer, kjent for sine dramatiske landskap, inkludert strender som Copacabana og Ipanema, Sukkertoppen og Kristusstatuen, samt sitt rike kulturliv, musikk og livlige atmosfære.
Bustad
PUC-Rio har ikkje eigne studentbustadar for utvekslingsstudentar, men vil gje informasjon om bustadmogelegheiter.
Semesterinndeling
Haustsemesteret (andre semester) går frå august til desember, og vårsemesteret (fyrste semester) går frå februar/mars til juni/juli.
Informasjon
- Hjemmeside
- Korleis søkeRettleiing om søknadsprosess
- KodeIkkje søkbar
- FagnavnAlle fag
