Hjem
Studentsider
bilateral

Eidgenössische Technische Hochschule Zürich og Institutt for geovitenskap (BILATERAL)

  • LandSveits
  • ByZürich
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Eidgenössische Technische Hochschule Zürich (ETHZ) er eit polyteknisk universitet med rundt 18 000 studentar. Det har godt omdøme både nasjonalt og internasjonalt, særskilt innan naturvitskapelege og tekniske fag, og har band til heile 21 nobelprisvinnarar. Med eit sterkt fokus på internasjonalt forskingssamarbeid, har ETHZ oppretta fleire små satelittavdelingar i utlandet, eksempelvis i Singapore og Lugano. Dei to største campusane ligg likevel i, og rett utanfor, Zürich sentrum.

Zürich er den største byen og det viktigaste kommersielle senteret i Sveits. Byen har rundt 400 000 innbyggarar og ligg vakkert til nord i landet ved Zurichsjøen. Han har høg levestandard og dannar eit godt utgangspunkt både for naturopplevingar og storbyliv.

Bustad

ETHZ har ingen eigne studentbustader, men det har eit bustadkontor i fellesskap med Universität Zürich som kan vere til hjelp i leiteprosessen. Det finst òg uavhengige studentforeiningar i byen som driv med bustadformidling.

Semesterinndeling

September - desember og februar - juni.

Studentrapportar

2017

Vår 2017 BAMN GEOVIT

Vår 2017 BAMN GEOVIT

15.01.2017 - 15.06.2017

Førebuingar/praktiske tips

Kollektiv tilbodet her i Zurich er utruleg bra! Dersom ein ønsker å reise mykje kan ein spara mykje ved å skaffe seg eit Half fare pass og Gleis 7. Half fare pass gjer slik at alle dine reiser kan kjøpast for halverte priser, inkludert månedskort og liknande. Gleis 7, betyr at ein kan reisa gratis etter kl 19:00. Ein får valget med å kjøpe for 1 månad av gongen eller eit heilt år. Kjøper ein det på ein av togstasjonene ved SBB disken (tilsvarande NSB), så får ein tips og info frå dei bak skranken. Dei er meget behjelpelege og alltid blide.

Ved valg av fag må ein vera obs på at ETH Zurich har to campus (undervisningsområder), eit i sentrum og eit på Hönggerberg. Mellom campusane, går det ein bus som er gratis for studenter (så det er viktig med studentkortet), kvart 20 min. Så når ein vel fag er det lurt å ikkje ha eit fag på Hönggerberg rett etter et fag i sentrum, om ein vil få med seg heile forelesninga.

Undervisningsformer

Undervisningsformene er nokså lik som ved UiB, med både forelesninger, praktiske øvelser på dataene, og feltkurs/ekskursjoner. Dei tilbyr også nokre blokkkurs, som stort sett blir holdt ved slutten av mai til juli. Dvs då dei fleste faga er ferdig med forelesning.

Vurderingsformane dei har er "ungraded"(godkjent/ikkje godkjent) og "graded-semester-performance", "end-of-semester-exam" (etter forelesnings slutt, så i juni) og "session-exam" (blir holdt i august, men det er mogeleg å søke om framskunding).

Vurdering av emnetilbodet

ETH Zurich har eit breitt tilbod av fag, og det er også mogeleg å ta nokre fag ved Universitetet i Zurich også, som ligg rett ved. Største forskjellen her er at i staden for mange 10 p fag, er dei fleste 3 poengfag. Så tipset er å finne dei faga som har flest poeng, dersom ein vil "jobbe mindre" for poenga. Det postitive med å ha mange småfag, er har ein kan prøve seg på alt mogeleg frå vulkanologi til snø- og snøskred.
Dei fleste faga på bachelor nivå er på tysk, medan masterfaga er på engelsk. Det finnast nokre engelske bachelor fag også.

Fagleg utbyte og språk

I og med at ein kan ta så mange ulike fag, lærer ein litt om alt. Sidan ein er i Sveits lærar ein sjølvsagt mykje om Alpane og korleis fjellkjeden blei danna. Så på geologi studiet går mykje igjen på tektonikk og fjellkjeder, men sjølvsagt avhenger det også litt på kva fag ein vel.

Språkleg utbytte kjem an på kor mange fag ein vel å ta på tysk. I mitt tilfelle tok eg berre fag på engelsk, sidan det ville vera lettare å følge forelesninga. Så dei gamle tyskkunnskapane frå videregåande blei ikkje så mykje brukt, eller forbetra. Engelsken derimot komen seg. No er det nesten like naturleg å snakke og skrive oppgåver på engelsk, som på norsk.
Det ein og må vera obs på er at sveitsisk tysk og tysken vi lærte på skulen er svært ulik. Det er litt som forskjellen mellom norsk og svensk eller dansk. Heldigvis kan dei fleste sveitsarane "høg-tysk", så dei fleste legg om dersom dei skjønner at du ikkje forstår. I tillegg kan ein komme unna med å berre snakke engelsk stort sett alle stader.

Universitetsområdet og byen

Kring universitetsområdet i sentrum er det flust av resturanter og cafeer. Framfor hovudbygninga er det ein stor terrasse dei kallar for Polyterrasse, som har flott utsikt over byen. På klare dager kan ein til og med skimte Alpane i sør. Under Polyterrasen har dei også nokre plasser ein kan sitte seg ned for å ete, og eit treningssenter med mange tilbod. Der er det mogeleg å kjøpe mat der til studentpriser. Prisane ligg på same nivå som i kantina i Realfagsbygget, men lokalet og utvalet kan ikkje samanliknast.

Byen er noko større enn Bergen, og har mange flotte bygg ein kan sjå på. Godt kollektivt tilbod, gjer det lett å komme seg rundt. Sidan det er minst like dyrt som i Bergen å ete ute, så har det ikkje vore så veldig mange turar på restauranter. Til gjengeld kan ein lett kjøpe billeg øl på butikken, og vandre rundt langs Lake Zurich eller sette seg ned på ein benk eller i ein park, utan å måtte halvvegs skjule øl-boksen.

Bustad

For å skaffe seg bustad, så er det enklaste å registere seg hos Housing Office, og dei vil vurdere om dei skal tilby bustad. Det er litt det same opplegget som SiB. Dersom det er nokre problem med å skaffe seg bustad, er det berre å ta kontakt med Housing Office, så vil det ordne seg. Dei fleste bustadane er eit lite stykke uten for sjølve sentrum, 20-30 min reisetid med buss er normalt. I nokre tilfeller kan det vera kjappare å ha sykkel.
Housing office samarbeidar med WOKO, som er "huseigar". Så leiga betalast til dei. Romfordelinga er alt frå studio der ein deler bad og kjøkken med ein annan, til 15 pers kollektiv. Ved eit av bygga deler heile bygget (ca.170 rom) på same kjøkken, og så er det fleire toalett/dusjer per etasje. Sjølve rommet har då eigen vask. For nordmenn som vanlegvis et middag før kl 19-20, unngår ein stort sett den verste trafikken, sidan Europeerene ikkje et før i 20-tida.

Sosialt miljø

Det sosiale miljøet her er kjempe hyggeleg! Ein kjem i kontakt med dei ein bur i same bygg med, og det er fleire studentorganisasjoner som arrangerer alt frå fester til skiturer heile semesteret. Den mest kjente er ESN, og av dei kan ein kjøpe eit ESN kort for 5 CHF og få reduserte priser på arrangement og på utvalgte barer. Kvar onsdag blir det arrangert International Pub, ved ein ny pub kvar veke, så ein kan bli kjent med dei ulike utestedene i byen.
Eit par dager før semesterstart arrangerer universitetet eit velkomst møtet for alle utvekslingsstudentene der dei gir informasjon om skulen, opphaldet og det sosialet, så ein blir tatt godt i mot. Etter møtet er det mingling, så ein kan bli kjent med dei andre studentane.

Så alt i alt, anbefaler eg verkeleg å ta eit utvekslingssemester, og gjerne til Zurich!

Informasjon