Hjem
Studentsider
erasmus+

Johann Wolfgang Goethe-Universität Frankfurt am Main og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByFrankfurt am Main
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for økonomi har fortrinn på plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurdert om det er ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling i 4. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utvekslinga i 4. semester.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk og tysk. Universitetet anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B2-nivå (CEFR) i tysk.

Kva emne kan eg ta

Universitetet har eit godt utval emne innan samfunnsøkonomi og bedriftsøkonomi. På denne nettsida finn du ein oversikt over kva emnar Johann Wolfgang Goethe tilbyr.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Johann Wolfgang Goethe-Universität Frankfurt am Main blei etablert i 1912 av Frankfurt sitt velståande, liberale borgarskap, og er det einaste borgaruniversitetet i Tyskland. Det har vore kjent for å huse akademikarar med band til den politiske venstresida. I dag har universitetet om lag 40 000 studentar, og fire campusar, som ligg i bydelane Westend, Bockenheim, Riedberg og Niederrad.

Frankfurt am Main ligg i delstaten Hessen, sørvest i Tyskland. Nesten ein tredjedel av byen sine 700 000 innbyggarar kjem frå utlandet. I storbyområdet bur nesten 2,5 millionar menneske. Byen er eit finansielt sentrum, med viktige finansinstitusjonar som Den europeiske sentralbanken og Frankfurtbørsen. Både levestandarden og kostnadsnivået er over gjennomsnittet for tyske byar.

Bustad

Det er underskot på studentbustader i Frankfurt am Main. Universitetet hjelper internasjonale studentar med å finne losji så langt kapasiteten rekk. Kapasiteten kan vere knapp på den private marknaden i tida rundt semesterstart, så det løner seg å vere tidleg ute.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Johann Wolfgang Goethe-Universität Frankfurt am Main

Informasjon