Hjem
Studentsider
erasmus+

Université Sorbonne Paris Nord og Institutt for informasjons- og medievitenskap (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByVilletaneuse
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på bachelorprogramma i medier og kommunikasjon, tv-produksjon, journalistikk og medie- og interaksjonsdesign har prioritet på å reise ut gjennom denne avtalen. Studentar frå andre studieprogram kan òg søke, og kjem til vurdering dersom det er ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på bachelorprogrammet i tv-produksjon kan reise på utveksling i 4. semester. Studentar på bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon kan reise ut i 4., 5. eller 6. semester. Studentar som går på bachelorprogrammet i medie- og interaksjonsdesign og journaistikk kan reise på utveksling i sitt 5. semester.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er fransk.

Dersom du ikkje har nok franskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Paris 13 er ein av i alt tretten arvtakarar til det gamle prestisjeuniversitetet Sorbonne, som blei delt i 1970. Det har rundt 23 000 studentar og eit breitt fagtilbod. Forskingsprofilen er sterkast innan tekniske og naturvitskaplege fagområde. Universitetsbygningane er fordelte på i alt fem campusar, som alle ligg litt nord for Paris sentrum.

Paris er Frankrikes hovudstad og største by, med om lag 12 millionar innbyggarar i storbyregionen. Han ligg nord i landet, i hjartet av regionen Île-de-France. Paris er kjend for å vere ein av Europas fremste kulturbyar. Her finst statsadministrasjon, verdas mektigaste motehus og ikoniske byggverk som Eiffeltårnet, side om side med små romantiske kaféar og folkeliv.

Bustad

Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Paris. Universitetet sitt internasjonale kontor kan gi hjelp og informasjon, men understrekar at det er viktig å ta til på bustadjakta i god tid. Dei fleste offentlege studentbustadane i Paris er administrerte av den regionale studentsamskipnaden CROUS, men kapasiteten er knapp.

Semesterinndeling

September - januar og februar - mai/juni.

Informasjon