Georg-August-Universität Göttingen og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)
- LandTyskland
- ByGöttingen
- Studieplassar6
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for studentar som går på eit av studieprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar på Det humanistiske fakultet som ønsker å ta språkfag når dei er på utveksling.
Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit program ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på programma ved LLE blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.
Når i studiet kan eg reise
Bachelorstudentar: Det passar best å reise på utveksling i fjerde eller femte semester av bachelorgraden. Det tilrådast å ta emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.
Masterstudentar: Undersøk med studierettleiaren for programmet du går på kva semester passar best.
Språk
Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk.
Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.
Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.
Kva emne kan eg ta
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for (språkfag). Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå.
Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Georg-August-Universität Göttingen er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 26 500 studentar og i alt 13 fakultet. Det har òg tre botaniske hagar og ei rekke tilknytte forskingssentre i regionen. Universitetet er blant dei viktigaste arbeidsgivarane i Göttingen, og har sine fakultet og bygningar spreidd rundt i byen.
Göttingen er ein nordtysk by i Niedersachsen, om lag ein times køyretur sør for Hannover. Her bur det om lag 130 000 innbyggarar. Landskapet i denne delen av landet er temmelig flatt, noko som gjer området rikt på jordbruk og veleigna for syklistar.
Bustad
Det finst fleire studentbustader i Göttingen, i hovudsak administrerte av den lokale studentsamskipnaden. Universitetet har eit bustadkontor som hjelper internasjonale studentar med å finne ein stad å bu.
Semesterinndeling
Oktober - februar og april - juli.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://uni-goettingen.de/
- Korleis søkeRettleiing om søknadsprosess
- Kode7016
- FagnavnSpråkfag
