Hjem
Studentsider
erasmus+

Carl von Ossietzky Universität Oldenburg og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByOldenburg
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar med gyldig studierett på bachelorprogrammet i historie. Studieretten må være gyldig i den perioden du er på utveksling. Andre interesserte studentar kan og søke, men blir prioriterte etter historie-studentane. Ein må ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har tatt 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisingsspråket er i hovudsak tysk.
Dersom du ikkje har nok tysk-kunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Du kan enten ta deler av spesialiseringa di eller du kan velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden ved dette universitetet.

Ønsker du å ta deler av spesialiseringa på utveksling må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire spesifikke emne ved UiB. Vel du å ta frie studiepoeng kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Emna kan ikkje overlappe med emne du har frå før.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiar@ahkr.uib.no

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Carl von Ossietzky Universität Oldenburg har seks fakultet og om lag 13 000 studentar. Blant universitet sine prioriterte forskingsfelt er biodiversitet, hørselsforsking, neurosensorar og marine vitskapar. Det er elles òg kjent for å ha eit godt utdanningstilbod innan pedagogiske utdanningar. Universitetet har to campusar, Haarentor og Wechloy, som begge ligg like nordvest for sentrumskjernen.

Oldenburg ligg nord i Tyskland, mellom Hamburg og grensa mot Nederland. Han har om lag 160 000 innbyggarar, og er ein av dei raskast veksande byane i landet. Ved sida av utdanningssektoren er verksemder knytt til ny teknologi og fornybar energi blant dei viktigaste næringane i området. Byen har mange små parkar og marknadar, og er vel tilrettelagd for syklistar og fotgjengarar.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for internasjonale studentar. Søknaden om studentbustad kan sendast saman med opptakssøknaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Oldenburg.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Informasjon