Centro de Investigación y Docencia Económicas, A.C. og Institutt for politikk og forvaltning (BILATERAL)
- LandMexico
- ByMéxico
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeBilateral
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar ved Institutt for samanliknande politikk, Institutt for politikk og forvaltning og Sosiologisk institutt kan søkja på denne avtalen. Søkar må ha avlaga minst 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogeleg å søkja om opptak for eit semester, eller for eit heilt år.
Når i studiet kan eg reise
På bachelorprogram er det tilrådd å reise på utveksling i 4. og/eller 5. semester når ein har frie studiepoeng. Masterstudentar kan normalt reise på utveksling i 2. semester.
Språk
Undervisningsspråket ved lærestaden er spansk. CIDE krev minst dokumenterte spanskkunnskapar på nivå B1. Det er sterkt tilrådd å ha nivå B2 eller C1. Studentar som ikkje kan dokumentera spanskkunnskapar på nivå B2, må ta emnet Lengua y Cultura Mexicana (spansk språk og mexicansk kultur), som blir tilboden ved CIDE.
Kva emne kan eg ta
CIDE har studietilbod innanfor «Public Administration, Economics, International Studies, Legal Studies, Political Studies, and History». På denne nettsida finn du meir informasjon og oversikt over emnetilbodet. Normalt vil 4-5 emne tilsaman utgjere 30 studiepoeng.
Du kan følgje alle emne innan ditt fagfelt ved CIDE. Det er og mogleg å søkje om å få ta emne innan andre fagfelt.
CIDE hjelper innreisande med å finne boleg gjennom sitt Accommodation Network.
Studieavgift
Studentar frå UiB er fritatt skulepengar ved CIDE. Ein skal være semesterregistrert og betale semesteravgift ved UiB for heile perioden når ein er på utveksling.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Centro de Investigación y Docencia Económicas (CIDE) er ein mexicansk forskings- og utdanningsinstitusjon som er spesialisert på samfunnsvitskap. CIDE ligg i Santa Fe i Mexico City og blei grunnlagd i 1974. Institusjonen er relativt liten, med i underkant av 500 studentar.
Mexico City ligg i Valle de México på omlag 2200 meters høgd. Det gjer klimaet noko mildare enn i lågare strøk. Byen er hovudstaden i landet, og ein svært stor by, med 9 millionar innbyggarar i bykjernen og 22 millionar i heile det urbane området.
Bustad
CIDE tilbyr ikkje eigne bustadar til studentar, men har noko informasjon på nettsidene sine og hjelper studentar som treng det med å finne bustad.
Semesterinndeling
August - desember og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.cide.edu
- Korleis søkeRettleiing om søknadsprosess
- Kode7063
- FagnavnSamfunnsfag
