Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidade da Coruña og Institutt for informatikk (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByLa Coruña
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB kan søke, men studentar tilknytt Institutt for informatikk vil ha førsteprioritet dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar. Det er krav om at du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorprogramma ved Institutt for informatikk tilrettelegg for at studentar kan dra på utveksling i 6. semester, men det er og mogleg å dra tidlegare i studieløpet.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er spansk og engelsk. Det engelskspråklege emnetilbodet er begrensa.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle kurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidade de La Coruña er eit offentleg universitet med rundt 24 000 studentar fordelt på to campusar som ligg i byane A Coruña og Ferrol. Fagtilbodet er fordelt til 24 fakultet og fagsentre, i tillegg til fire «teknologiparkar». Tradisjonelt har maritime fag og teknologiske fagdisiplinar vore prioriterte forskingsområde ved universitetet.

Provinsen La Coruña ligg i den autonome regionen Galicia, ute ved kysten nord for Portugal. Atlanterhavet har sterk påverknad på det meste her, både den historiske utviklinga, kulturen og klimaet. Provinshovudstaden A Coruña har 250 000 innbyggarar. Byen sitt viktigaste landemerke er Herkulestårnet, det siste romerske fyrtårnet som framleis er i bruk i vår tid. Ferrol har om lag 80 000 innbyggarar, og er kjend for skipsindustri og som ein viktig base for den spanske marinen.

Bustad

Universitetet har ingen eigne bustadtenester for internasjonale studentar korkje i A Coruña eller Ferrol. Det vanlegaste blant studentar i området er å leige bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juli.

Grøntområde
Foto/ill.:
Universidad de La Coruña

Informasjon