University of Gdansk og Det humanistiske fakultet (ERASMUS+)
- LandPolen
- ByGdansk
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for studentar på eit bachelor- og masterprogram ved Det humanistiske fakultet, men også andre studentar som ønsker å ta humanistiske fagemne når dei er på utveksling kan søke på avtalen.
Før du reiser på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor -eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling.
Når i studiet kan eg reise
Sjekk med ditt studieprogram i kva semester du kan ta frie studiepoeng.
Språk
Undervisningsspråk er polsk og engelsk.
Kva emne kan eg ta
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i ei spesialisering ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.
Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.
Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
University of Gdansk blei grunnlagt i 1970, og er eit offentleg breiddeuniversitet med elleve fakultet og om lag 33 000 studentar. Dei åtte campusane er fordelte over Trippelbyen, eit byområde sett saman av byane Gdansk, Gdynia og Sopot. Universitetet er det største i regionen Pomorze, og utgjer eit viktig senter for studiet av språket kasjubisk. Det har òg tette band til havet og fleire marine forskingsstasjonar.
Hamnebyen Gdansk ligg ved Gdanskbukta, nord i Polen, ved munninga av elva Vistula. Byen har om lag ein halv million innbyggarar. Han fekk hard medfart av bombeangrep under andre verdskrig, men særskilt gamlebyen har i ettertid gått gjennom omfattande rekonstruksjon og Gdansk reknast i dag for å vere blant Europas vakraste middelalderbyar. Næringslivet her er i hovudsak sentrert rundt skipsbygging og shipping.
Bustad
Universitetet har studentbustader nær dei ulike fakulteta der internasjonale studentar kan søke om plass. Ein kan òg leige bustad på den private marknaden.
Semesterinndeling
September - februar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.ug.edu.pl/
- Korleis søkeRettleiing om søknadsprosess
- KodeIkkje søkbar
- FagnavnHumanistiske fag
