'Alexandru Ioan Cuza' University of Iasi og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)
- LandRomania
- ByIasi
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Alexandru Ioan Cuza University of Iasi blei grunnlagt i 1860 og er det eldste universitetet i Romania. Det er eit offentleg breiddeuniversitet, og har i dag 26 000 studentar fordelte på 15 fakultet. Universitetet har òg eit naturhistorisk museum og eit observatorium. Dei fleste fakulteta er samla på ein campus som ligg nord i Iasi, på Copouberget.
Iasi er ein by og ei kommune som ligg nordaust i Romania, i regionen Moldavia. Byen er den nest største i landet med rundt 400 000 innbyggarar i storbyområdet. Her finst mange av landets eldste og flottaste kulturbygg, noko som òg skuldast at byen var hovudstad i den perioden då Moldova var eit eige land.
Bustad
Universitetet tilbyr bustader for Erasmus-studentar i utvekslingsperioden. Studentbustadane ligg i hovudsak på, eller like i nærleiken av campus. Det er i hovudsak snakk om delte rom i studentblokker. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Iasi.
Semesterinndeling
September/ Oktober - januar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.uaic.ro/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i SøknadswebIkkje søkbar
- FagnavnHumanistiske fag
