Hjem
Studentsider
erasmus+

Linköpings universitet og Institutt for økonomi (ERASMUS+ - NOREK-nettverket i økonomi)

  • LandSverige
  • ByLinköping
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på Institutt for økonomi kan søke.

Når i studiet kan eg reise

Utreise i fjerde eller femte semester på bachelorgraden eller andre semester på mastergraden. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråk er svensk eller engelsk.

Kva emne kan eg ta

I utgangspunktet skal du studere økonomi ved Aarhus School of Business and Social Sciences, men det kan og vere mogleg å ta andre emne som administrasjon eller samfunnsfag under opphaldet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Linköpings universitet blei grunnlagt i 1975, og har i dag 27 500 studentar. Universitetet er delt i fire: Hälsouniversitetet , Filosofifakulteten, Linköpings tekniska högskola og avdeling for Utbildningsvetenskap. Ein stor del av fagtilbodet er profesjonsutdanningar. Det har fire campusar. Campus Valla er størst, og ligg tre kilometer unna Linköping, dernest følgjer campusen i nabobyen Norrköping. Universitetssjukehuset ligg i Linköping sentrum og Campus Carl Malmsten Furniture Studies på Lidingö, utanfor Stockholm.

Linköping har om lag 150 000 innbyggarar, og ligg i det svenske innlandet, midt mellom Austersjøen og innsjøen Vättern. Byen er blant anna kjend for å ha mange høgteknologibedrifter. Kommunen er òg aktiv når det kjem til miljøpolitikk, og tek sikte på å bli ein klimanøytral kommune innan 2025.

Bustad

Det finst studentbustader både ved campusen i Linköping og campusen i Norrköping. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i begge byane.

Semesterinndeling

August - januar og januar - juni.

Informasjon