University of Warsaw og Institutt for økonomi (ERASMUS+)
- LandPolen
- ByWarszawa
- Studieplassar3
- StudienivåBachelor
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen er open for studentar på bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi. Den er også open for studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og studentar på det integrerte masterprogrammet informasjonsteknologi og økonomi som enno ikkje har fullført bachelornivået av graden sin.
Når i studiet kan eg reise
Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling i 4. semester.
Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utvekslinga i 4. semester.
Studentar ved det integrerte masterprogrammet i informasjonsteknologi og økonomi vert råda til å reise ut i 6. semester, der ein erstattar obligatoriske emne.
Språk
Undervisningsspråk er polsk og engelsk. Universitetet tilbyr også enkelte kurs på fransk for innreisande studentar.
Kva emne kan eg ta
Lærestaden tilbyr eit breitt utval kurs for utvekslingsstudentar.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Universitetet blei grunnlagt i 1816, og er det største universitetet i Polen med rundt 57 000 studentar. I likskap med det meste av byen blei universitetet bomba til småstein under krigen, men det blei bygd opp att som ein tru kopi av det gamle universitetet i ettertid. Universitetet har ein brei fagleg profil, eit godt fagtilbod på engelsk, og tilbyr òg somme emne på fransk. Det har tre campusområde i ulike delar av Warszawa. Hovudcampusen ligg i sentrum av byen.
Warszawa er hovudstad i Polen og landets største by, med i underkant av to millionar innbyggarar. Av desse er 300 000 studentar. Byen ligg på begge sider av elva Wisla, på den masoviske sletta 78-121 moh. i det polske innlandet. Warszawa er eit viktig økonomisk knutepunkt i Aust-Europa. Opp gjennom historia har han blitt hardt råka av mange krigar, og han vart nesten totaløydelagd under andre verdskrig. Men ettersom han alltid har reist seg att, har byen fått tilnamnet Føniksbyen.
Bustad
Universitetet sitt internasjonale kontor har nokre studentbustader til disposisjon for utvekslingsstudentar. Det er i hovudsak snakk om dobbelrom som ein deler med ein annan student. Kapasiteten er avgrensa og tildeling skjer etter «førstemann til mølla»-prinsippet, så det lønner seg å søke tidleg.
Semesterinndeling
Oktober - februar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.uw.edu.pl/
- Korleis søkeRettleiing om søknadsprosess
- KodeIkkje søkbar
- FagnavnSamfunnsøkonomi
